- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
402

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

402
for landsgymnas og annan skipnad med høgre skular for landsungdom,
soleis at umvegen um millomskulen kunde verta innspara utan skade for
kunnskap og dugleik. Vidare sette han fram krav um ein 2-årig lærarhøg
skule og rita planen for den. Endeleg vilde han ha eit norsk universitet,
for det fyrste med eit juridisk og eit teologisk fakultet. Han meinte skulen
burde liggja på Vestlandet.
Mange av dei idear og tankar som Gjelsvik heldt fram i dette fyredraget
hadde slik ei slagkraft at dei fengde, og det so sterkt at mange som sidan
tok dei upp, trudde det var deira eigne. Einskilde vendingar og nemningar
var so råkande at dei vart ståande att som fyrtårn og lever endå, utan at ein
veit kvar dei rett skriv seg frå, t. d. «apekattmetoden i upplæringa».
I 1905 sende N. Ul. søknad til riksmaktene um ei umskiping med kvelds
skulane, soleis at dei kunde verta meir tenlege for ungdomen jamt over. I
1907 skipa riksmaktene um kveldsskulane i samstaving med ynskjemåla frå
N. Ul. Skipnaden vart då den som i hovudsaka sidan har vore gjeldande.
Landsgymnas. Tanken um 4-årige landsgymnas var etter det vi kan
finna ut fyrst nemnd av professor Gjelsvik i 1906 i det fyrr nemnde fyre
draget Norsk skule- og universitetsprogram". I 1908 tok professor Marius
Hægstad same tanken upp i eit fyredrag på Voss. Etter fyreording av pro
fessor Gjelsvik gjorde årsmøtet i Ål 1910 sovore vedtak:
Årsmøtet i N. Ul. søkjer um at staten skipar eller gjev tilskot til nokre 4-årige høgre
ungdomsskular, som utan tnillomskule-eksamen fyrebur til studenteksamen. Skulen bør vera
skipa so at kan gjev eit godt grunnlag tor universitetsstudium."
I samhøve med dette vedtaket sende styret den 10. september 1910 søk-
nad med nærare utgreiding og plan til kyrkjedepartementet.
Undervisningsrådet fekk seg denne utgreidinga fyrelagd til fråsegn den
20. oktober 1910.
Fleirtalet i undervisningsrådet var plent imot tanken, bade i sjølve prin
sippet og i dei einskilde punkt. Men eit mindretal, professor Marius Hæg
stad, gav eit servotum som gjorde fleirtalstilrådinga heilt um inkjes. I ei
utgreiding med framifrå klårleik, kraft og sakleg dørneevne viste han korleis
dette kravet frå landsungdomen hadde livsens rett, og peika ut framgangs
linone for ei praktisk løysing. Til å arbeida ut plan, framlegg til naudsyn
lege lovbrigde for den høgre skulen m. v. gjorde han framlegg um at det
måtte verta sett til ei sakkunnig nemnd. Departementet gav Hægstad medhald.
Den 25. september 1911 sette kyrkjedepartementet ned ei nemnd til å
koma med framlegg i saka. I nemnda sat: rektor Gundersen, hypotekbank
direktør Horst, skuledirektør Eftestøl og overlærar Alfsen. I mars 1913
sende nemnda tilråding til kyrkjedepartementet, og 13. mars 1914 sette riks
styret fram sin prop. i saka som stortinget vedtok. Skipnaden med dei 4-årige
landsgymnas vart i grunntanke og hovudlinor soleis som styret i N. Ul. hadde
planlagt. Det fyrste 4-årige landsgymnas vart opna på Voss hausten 1916,
og fyrste studentkuldet gjekk ut i 1920 med godt resultat.
For nasjonal samling av ungdomen.
Vedtak på årsmøtet i 1897:
Årsmøtet pålegg styret å beda dei ymse ungdomssamskinnodet um å einast i arbeidet
for "nasjonal samling, naar det gjeld våre gamle minne og minnedagar, målsaki og heilt
sjølvstende for landet vårt."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0412.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free