Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
409
Dryftingane enda med eit samrøystes vedtak
so lydande:
Norigs ungdomslag vel ei nemnd på 5 mann til å ar
beida ut plan for folkefyrelesningane i ungdomslagi og på
same måten som arbeidarakademikomiteen gjera freistnad med
åfå inn menner som karm halda fyrelesningar. Fylkeslagi
skal ha høve å segja si meining um planen.
Styret får fullmakt å senda inn ny søknad um statshjelp
når saki er vel fyrebudd og tidi tykkjest høveleg."
Desse vart valde inn i nemnda:
Presten Eugene Hanssen, tingmann, no fylkes
mann, Abr. Berge, bispen Bang, advokat Sam.
Johnson, Klaus Sletten.
For årsmøtet i 1903 gav denne nemnda ei
slik melding:
Nemndi vart vald på årsmøtet i fjor i Nidaros. Dessverre
hev me ikkje noko serleg resultat å peika på Men me skal
nemna det som er gjort til å nå fram til noko.
Me heldt fleire møte og vart samde um ein plan. Det
galdt å laga seg so, meinte me, at ein fyrst og fremst kunde
Marius Mægstad,
førar og fyregangsmann i det
praktiske målreisingsarbeidet,
søkt og vyrd stemnetalar
i alle år.
nytta i kvart fylke dei menn som bur i fylket og som kunde og vilde halda fyrelesingar ; ein
måtte då få i stand ei liste yver slike menn; like eins måtte ein få ei liste yver dei emne
som dei. ymse fylkeslag helst vilde hava fyrelesingar um.
Når so nemndi hadde fenge dette yversynet, var det meiningi å høyra åt med andre
kjende menn, som kunde og vilde halda fyredrag eller fyrelesingar. Ein kunde so stella seg
på same måten som dei hev gjort i arbeidarakademia: Kvart lag skulde få til-seg-sendt ei
liste yver dei menn som kunde halda fyredrag, yver fyredragi og kostnaden. Og so vilde
nemndi samstundes gjera upp ein plan som gjev greide på kva fyredrag dei ymse lagi helst
skulde få, og korleis dei i det heile skulde stella seg, so fyredragi gjorde mest nytte. Ung
domslagi saman med fylkesstyret måtte då stella seg nokolunde på same måten som arbeidar
akademia. Det måtte vera høve for andre enn lagsfolk å høyra fyredragi mot betaling, og
ei fyredragsrc kkje kunde vara fleire (3 -4) kveldar. På denne måten kunde det vera von um
å få tilskot, når lagi hadde ein fast skipnad og sjølve hadde teke noko av kostnaden.
Dette var i store drag planen, som med umsyn til utgiftsspursmålet treng nærare forming.
Til å få sett i verk noko av dette hev nemndi sendt brev rundt til fylkeslagi og bede
deim senda inn dei upplysningar, som nemndi treng til grunnlag for vidare arbeid. Men
Lars Eskeland,
i ein mannsalder fast talarpå
ungdomsmøte og stemnor
over heile landet.
det gjekk dessverre med dette som det so ofte gjeng med
slike brev — ein fær ikkje svar. 9 lag hev svara på rund
skrivet vårt; og desse svari gjev gode og greide upplysnin
gar, men frå dei andre lagi hev all venting på svar til
dessa vore fåfengd. Anten fær me då freista um me karm
gå ein annan veg eller so fær me venda oss til lagi på
nytt og beda um svar på spursmåli våre. Dersom ikkje lagi
sjølve hjelper til, er det rådlaust å få saki til å gå.
Eg skal i august månad på nytt senda lagi eit framlegg
til ein plan for fyrelesingar, eg skal då freista um ein karm
få den hjelpi som trengst.
Oslo, den 25. juni 1903.
Eugene Hanssen,
formann.
Det er ikkje upplysningar um korleis årsmø
tet stelte seg til dette framlegget, eller um det
var dryft i det heile.
Men årsmøtet i 1 903 gjorde iallfall etter fram
legg frå Sven Moren sovore vedtak:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>