Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- I. Folkhøgskulen
- Folkehøgskular som er i gang no (1914)
- Statsmagtene og folkehøgskulen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
I dei 22 folkehøgskular arbeider no (1914)
63 faste lærarar, 31 lærarinnor og 17
timelærarar, ialt 111, — 13 av styrarane har
lærareksamen, 2 teologisk embættseksamen, 1
artium og lærareksamen og 6 onnor utdaning
(artium, landbrukssk.eks. eller fleire kursus paa
Askov).
I skuleaaret 1913—14 var statstilskotet
til folkehøgskulane ialt kr. 126 331,00,
amtstilskotet kr. 26 413,00. Til dette kom
statstilskotet til elevstipend, som vart uppsett med
ein samla sum for alle ungdomsskular.
Skulane hadde daa i alt 1100 elevar.
Statsmagtene og folkehøgskulen.
Det var ved det private tiltak
folkehøgskulen vart reist baade hjaa oss og i
grannelandi. Men det synte seg snart overalt at
dette arbeidet var so stort og kravde so store
utlegg, at det var uraad for den einskilde aa
halda det gaaande i lenger tid. Ein saag snart
at det var ei samfundssak, soleis som
Grundtvig fraa fyrst av hadde set det. Heilt fraa 1871
og til vaare dagar har folkehøgskulen drive
»forhandlingar« kann ein gjerne kalla det, med
statsmagtene, um løysing av dette vanskelege
spursmaalet: Aa finna ei form som baade
staten og skulane kunde vera tente med.
I 1871 sende Jakob Sverdrup søknad til
Stortinget um 3000 spd. »til oprettelse og
vedligehold av folkehøiskoler paa betingelse
af at vedk. amts-formandskap tilskyder et
beløp af mindst lige størrelse med det, der ydes
av statskassen«. Stortinget vilde ikkje gaa
med paa dette, heller ikkje paa eit framlegg
fraa student Kleve i 1872 um 5000 spd. til
stipend for trengande elevar ved
folkehøgskulane. —
Dei vedtak Stortinget gjorde i 1875 (st.
prp. nr. 2 side 52-58) og i 1877 um
amtsskular, førde ikkje til løysing av spursmaalet,
men gjorde det endaa verre for dei private
skular. Eit framlegg fraa Chr. Bruun og Frits
Hansen i 1877 um direkte statstilskot til
folkehøgskulane (dok. nr. 39) og um søknad til
Stortinget i 1879 (dok. nr. 22) fraa
folkehøgskulevener um direkte statstilskot til Arvesen, Bruun
og Ullmann førde heller ikkje til noko. I 1885
bevilga Stortinget for fyrste gong pengar til
stipend for elevar ved amts- og
folkehøgskular — kr. 7500.
1 1898 sende Rasmus Stauri, Haakon
Aasvejen og O. A. Eftestøl framlegg til
Stortinget um direkte tilskot — kr. 30,000 — til
folkehøgskular (dok. nr. 97—98) med ei lang
utgreiding um korleis folkehøgskulane no
hadde det. Framlegget vart sendt til
riksstyret. Kyrkjedepartementet (chef V. A.
Wexelsen) tok det upp (st. prp. nr. 2 1898—99 B.
side 27—37) og kom med framlegg um kr.
19500 (for 3/4 termin). Kyrkjekomitéen i
Stortinget gjekk med paa tanken um direkte
tilskot til høgskulearbeidet, men brigda
framlegget soleis at det berre skulde vera
»videregaaende« folkehøgskular som skulde faa eit
slikt tilskot. Dei vanlege folkehøgskular skulde
ha det som fyrr. — I denne form vart
framlegget vedteke av Stortinget. Telemarks
folkehøgskule, Sund og Voss var dei 3 fyrste
skular som fekk dette tilskotet av staten til
utvida skule. Seinare kom Jæren, Møre, Vefsen,
folkehøgskulen i Vaagan og Eidsvoll
folkehøgskule med, so det i det heile vart 8
videregaaende høgskular med i alt kr. 46000 direkte
statstilskot (1912).
Dette med direkte tilskot var sjølvsagt til
stor hjelp for dei skular som fekk det, men
andre fekk det no verre enn fyrr. I 1906 sende
13 folkehøgskular framlegg um at alle
godkjende folkehøgskular skulde faa tilskot direkte
(det var underskrive av 10 stortingsmenn). 12
høgskulestyrarar som i 1907 var samla til eit
møte paa Sund, sende brev til
kyrkjedepartementet um at dei var einige i dette framlegget.
Desse framlegg førde til at departementet
sette ned ei nemd (11/1 08) paa 3 menn, bispen
Wexelsen, formann, høgskulestyrar Eskeland
og amtsskulestyrar Renolen. Hausten 1908
hadde nemdi sitt framlegg ferdigt. Det gjekk
ut paa at alle ungdomsskular i landet skulde
vera folkehøgskular med direkte tilskot av staten.
I 1908 vedtok stortinget etter forslag fraa
departementet aa løyva kr. 8000 som direkte
tiiskot, «midlertidig understøttelse», til dei
skular som trong det mest. Departementet hadde
sett upp 20 000, men stortinget gjekk med paa
berre 8000. I nokre aar framover fekk soleis
ogso dei vanlege folkehøgskulane eit lite
direkte statstilskot til stipend og til lærarløn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Fri Oct 18 18:12:14 2024
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0021.html