Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Amtsskulane vert sett i gang - Stortingsvedtaket i 1877
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 30 —
greidde seg. Men her kom det atter fyrst og
fremst an paa amtsformannskapet og paa dei
meiningar som hadde fleirtalet der til kvar tid.
Um dette viser vi til det som er skrive um
dei einskilde folkehøgskulane.
Stortingsvedtaket i 1877.
I 1877 fyreslo regjeringi til 37
amtssku-lar, 4 folkehøgskular (1 i Solum, 1 i Sogndal
og 2 i Nordre Trondheim), private skular i
Hamar stift og 1 amtsgjenteskule i Nordre
Bergenshus tils. 107400 kr. paa same Vilkaar
som stortinget i 1876 hadde vedteke. I sumen
var ogso medrekna 2000 kr. til utdaning av
amtsskulelærarar.
Kyrkjencmndi (formann rektor Steen) var
samd i sumen. og hadde heller ikkje noko aa
merka ved dei Vilkaar som var uppsette for
amtsskulane. Men um vilkaari for tilskot til
folkehøgskular var det skiide meiningar.
Det kom av ein strid uppe i Nordre
Trondheim miliom skuledirektør, seinare
Statsraad Bonnevie og folkehøgskulestyrar L M.
Bentsen. I 1876 hadde Bentsen søkt
amtsformannskapet um tilskot og sendt med ei
ut-greiding um skulen, og plan.
Amtsformannskapet gav 100 spd. i von um 3-dubbeIt
stats-tilskot — etter reglane. Men for tilfelle at
noko kom paa, vart det ved serskild avrøysting
vedteke at desse 100 spd. skulde Bentsen ha,
anten han fekk statstilskot eller ei.
No kravde skuledirektøren at Bentsen
skulde endra skuleplanen sin i samhøve med
den kongeleg approberte plan for amtsskulane,
og daa Bentsen ikkje vilde dette, vart
stats-tilskotet negta.*)
Bentsen møtte i 1877 som stortingsmann
fraa Nordre Trondheim og fekk sæte i
kyrkje-nemndi. Stortingsmann Welde o. fl. hadde sett
fram forslag um 12800 kr. som beinveges
statstilskot til dei folkehøgskular som var i gang.
Chr. Bruun og Frits Hansen hadde søkt um
beinveges statstilskot til Vonheim folkehøgskule.
*) Det galdt ikkje svært store ting. M. a. var det
dette: Bentsen hadde ført upp 9 timar dagleg
undervisning. Det tykte Bonnevie var for mykje.
Likeeins vilde direktøren ha ein timeplan gjeldande
for heile kurset. Bentsen svara at det kunde han
ikkje skaffa, daa han brukte aa endra timeplanen
ettersom undervisning!* skreid fram.
Nemndi innstillte paa at Welde o. fl. sitt
forslag ikkje skulde verta vedteke; men eit par
medlemer (Bentsen og O. Nilssen) heldt
principielt fast paa det, og Bentsen formå
forslaget soleis daa han sette det fram i stortinget:
Til de for tiden i virksomhed værende
folkehøi-skoler bevilges for budgetaaret 12800 kr. som av
regje-ringen bliver efter derom indkomne andragender at
uddele til bestyrerne: O. Arvesen (Sagatun), Chr. Bruun
(Vonheim), Jakob Sverdrup (Sogndal), H. K. Foosnæs
(Beitstaden), O. K. Kuloy (Frosten eller Stjordalen),
D. Sæther (Bynæsset), Johs. Helleland (Ullensvang) og
V. Ullmann (Landvrk) med indtil 1600 kr. til hver,
under betingelse af at de fortsætter sin frie
folkehøiskole-virksomhed med mindst en medlærer hver og indsender
til kirkedepartementet beretning om skolens virksomhed.
Fleirtalet i nemndi (Steen, Bentsen,
Kirkhorn, O- Nilssen og K. Taraidsen) innstillte
paa desse Vilkaar for folkehøgskulen:
a. at der gjennem stiftsdirektionen aarlig tilstilles
amtsformandskabet beretning om skolens virksomhed;
b. at skolen sættes under samme tilsyn som
amts-skolerne.«
Dette at planen og ordningi skulde vera
»i det væsentlige« som for amtsskulane var
altso stroke.
Mindretalet (sakf. Erlandsen, adjunkt
Nielsen, biskop Smitt og gardbr. Vefring)
innstillte derimot etter regjeringsframlegget.
Saki kom upp i stortinget 21. mårs, og
ordskiftet varde i 3 dagar. Johan Sverdrup tok
fleire gonger ordet for Bentsens forslag og for
fleirtalsinnstillingi med umsyn paa
folkehøgskulane. Derimot tok han for amtsskulane sitt
vedkomande upp att sin tanke fraa 1875, og
sette fram forslag um at amtsskulekommissionen
skulde velja lærarar for amtsskulen, ikkje berre
gjeva innstilling.
Rektor Steen tala sterkt og klaart for at
folkehøgskulane maatte staa friare enn dei
gjorde ei ter dei gamle Vilkaar, og forsvarte
fleirtalsinnstillingi. Han hadde i og for seg
ikkje mykje imot Sverdrups forslag um tilsetjing
av amtsskulelærarar, men heldt likevel paa
innstillingi ogso i dette stykke. Han
trudde det vilde koma ut paa eitt.
Ordskiftet formå seg mykje godt so ;i ein
strid um folkehøgskulen. Serleg rette
Asehe-houg og Løvenskiold kvasse aatak mot
folkehøgskulen. Forutan Sverdrup og Steen førde
serleg Welde, Qvam, Bentsen, W. S. Dahl,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>