- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
39

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Dei einskilde skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 39 —

3. Seminarist L J. Nystad, no
amtsskulesty-rar i Nordland, 1885-87.
I dei 7 aar denne skulen var igang, var
elevtalet ialt kring 165.

Nedenes.

Den fyrste amtsskulen i Nedenes kom i
gang i Sætesdalen med ein lærar hausten
1875. Næste aar vart det ogso uppretta ein
amtsskule i ytre krins (Nede.ies futedøme).
Denne hadde tvo lærarar. Denne krinsen vart
i 1880 bytt i tvo, øystre og vestre krins, og
kvar krins skulde ha sin amtsskule med berre
ein lærar. Sidan 1880 har daa Nedenes amt
havt tri amtsskular: Sætesdals, vestre
Nedenes og øystre Nedenes, og desse tri er enno i
gang. Skulane har vore og er fiytjande
millom dei ymse bygder i krinsen som er tillagd
skulen. I regelen er skulane 1 aar um
gongen i kvar bygd. Heradet der skulen er, gjev
fritt hus, ljos, uppvarming og reinhald.

Fyrr 1897 hadde skulane berre ein lærar.
Det var daa serskilde guteskeid paa 6 mdr.
um vinteren, og sidan 1883 ogso fraa 10—12
vikor serskilde gjenteskeid um sumaren. Men
desse gjenteskeidi var ikkje i gang alle aar og
ved alle skular, og sidan 1901 har det ikkje
vore serskilde gjenteskeid ved nokonav skulane.

I 1897 vedtok amtstinget ny plan for
skulane. Etter denne vart innførd
fellesunder-visning og tilsett ein andrelærar ved kvar skule.
Ved Sætesdals amtsskule skulde vera 7 mdr.
skeid fraa 1ste okt. til 30te april, ved dei
andre tvo 6 mdr. fellesskeid og 3 mdr. serskilt
gjenteskeid attaat.

Sidan 1901 er det 7 mdr. fellesskeid ved
alle skular og inkje gjenteskeid. Derimot er
det ikkje ved nokon av skulane skulekjøken
eller undervisning i husstell og matlaging.
Heller ikkje sløyd og handarbeid.

Amtstinget i 1913 sette ned ei nemnd
som skal greida ut spursmaalet um faste
amtsskular og koma med forslag til amtstinget i
1914. Det er soleis von um at ogso
amts-skulane i Nedenes kjem til aa verta faste og
faar arbeida under betre Vilkaar enn dei hittil
har havt.

I 1913 sette ogso amtstinget upp
alders-grensa til 17 aar for komande skuleaar.

Amtsskulen i Sætesdalen.
Styrarar ved skulen har vore:

1. Seminarist T Davidson, 1875—77.

2. » —« noverande stortingspresident
/. Lovland, 1878-84.

Løvland har sidan vorte ein av dei
mest kjende menn i vaart offentlege liv.

3. Seminarist Kietil Kjilland, 1885-90. Død.

4. Kand. theol. Thorleif Homrne, 1891 — 1908.

Homme er fødd 1852. Etter at han
hadde studert til prest i Amerika og vore
prest derburte ei tid, kom han heimatt
til Norge og tok theologisk
embætseks-amen i 1890. Han vart i 1908
sokneprest til Røldal og tok avskil i 1913.

5. Seminarist Oluf Jetlund, 1908. Er
sty-rar no.

Jetlund er fødd 1870. Han har ogso

gaatt ei tid paa Danmarks lærarhøgskule.

Amtsskulen i vestre Nedenes

var nedlagd fraa 1901 til 1907. I denne tid

var det fast folkehogskule p^a Vigmarki i

Landvik med den same styraren som’fyrr

hadde vore og no er ved amtsskulen. Fraa

hausten 1907 har skulen atter vore amtsskule.

Styrarar har vore:

1. Seminarist T Davidson, 1880—85.

Davidson bur no i Kristiania og er
ein av dei mest kjende avhaldstalarar i
landet. Han har ogso voie styrar av
fleire avhaldsblad. Han hadde eit eller
tvo aar folkehøgskule paa Vigmarki,
etterat han slutta som styrar av amtsskulen.

2. Seminarist Asbjørn Knutsen, 1885—86.

(Sjaa skulane i Heidemarki og
Notoddens kr. ungdomsskule.)

3. Seminarist E. O. Eivindson, 1886
-90. Død.

4. Seminarist Haakon Aasvejen, no styrar
av amtsskulen paa Nordfjordeid, 1890—92.

5. Seminarist Torgeir Berulvson, 1892. Er
styrar no.

Berulvson er fødd 1864 i Sætesdalen.

Amtsskulen i øystre Nedenes
hadde skuleaaret 1896—97 so mange elevar
at amtsskulestyret daa laut taka seminarist,
noverande høgskulestyrar i Valdres O. E. Bø til
hjelpelærar. Aaret baketter fekk alle
amtssku-lane i Nedenes andrelærar. I 1899 vart ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Oct 18 18:12:14 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free