Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Dei einskilde skular
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 45 -
til, soleis rivningar med »skuleverten«, som
skulde halda jord, hage, fjøs o. s. b. til den
praktiske undervisning.
Difor vart amtstinget nøydt til alt i 1905
aa cndra planen for Romsdals amtsskulc og i
1912 ogso for Snnnmore amtsskulc. Ved desse
skular er det no fellesskeid for gutar og
gjen-tor (utan jordbruksundervisning) fraa 1. okt.
til kring 20. april, og sidan cit serskilt
g/ente-skeid til 10de juli.
Ved Nordmore amtsskulc er derimot,
so-vidt vi veif, enno planen av 1898 gjeldande.
Nordmore amtsskulc
er sidan 1898 paa Oyl i Tingvoll. Den
noverande amtsskulestyrar eig garden og er
soleis »skulevert«. I dei siste aar er ein av
hus-morskulane i amtet knytt til denne skulen.
S ty ra rar har vore:
1. Kand. theol. Olaf Olafsen, seinare
sokneprest i Ullensvang, 1876—77.
Olafsen hadde fyrr folkehøgskule i
Romsdalen.
2. Seminarist John Olafsen, 1877-91.
John Olafsen var ein yngre bror av
Olaf O’afsen og seminarist fraa Klæbu.
Han vart sidan styrar av den flytjande
amtsskulen i Heidemarki. Han døydde
i 1902.
3. Stud. real. O. K Skuggcvik, 1891. Er
styrar no.
Skuggevik er fodd 1862. Han har
m. a. vore mykje med i arbeidet for
»Norsk landmandsforbund«.
Romsdals amtsskulc
var inntil 1898 flytjande — 2 aar paa kvar
stad. 1886 vart skulen nedlagd, avdi
amtstinget tykte at skulen ikkje trongst no, daa
amts-landbruksskulen i Romsdalen skulde takast upp
att. Men romsdolene vilde ikkje sleppa
skulen, og 7 herad i Romsdalen gav daa dei
pengar som trongst av amtet til eit vinterskeid
paa skulen. Amtstinget i 1887 tok imot desse
pengane, og dermed fekk skulen det vanlege
3 dubbelte statstilskot. Næste aar gjekk det
likeeins. Gjenteskeidi vart desse tvo aar haldne
for det meste ved private midlar. Romsdolene
heldt soleis i 2 aar sin eigen skule og laut
desutan betala sin lut av amtstilskotet til
Nordmøre og Sunnmøre amtsskular. Endeleg
ved-tok amtstinget i 1889 at skulen skulde upp-
rettast att og faa same Vilkaar som dei andre.
Siden 1898 har skulen vore paa Vestnes.
Sumaren 1910 kjøpte Romsdals ungdomslag
4 maal jord og bygde tidhovelege skulerom
paa Solvang I Vestnes, og her flutte skulen
daa inn. Romsdals ungdomslag er altsao
»skulevert« her. Husi og jordi kostar paalag
15000 kr. Korkje lærarar eller elevar bur paa
skulen. Styraren bur paa eigen gård tett ved
skulen, og hjaa han bur dei fleste gjentor.
Amtet gjev 300 kr. og Vestues kommune
400 kr. aarleg i jord- og husleige og til Ijos,
uppvarming og reinhald.
S tyrarar har vore:
1. Seminarist O. Hansen, seinare
amtsskulestyrar i S. Trondheim, 1877—87.
2. Seminarist N. Pedersen, 1887—88. (Sjaa
Bratsberg).
3. Seminarist A. O. Sand, 1888. Er styrar no.
Sand er fødd i Strinda 1853 og er
seminarist fraa Klæbu.
Sunnmore amtsskulc
er sidan 1898 fast i Ørskog. Den noverande
styraren eig huset og hagen der skulen er og
er soleis »skulevert«. Amtet og Ørskog
kommune gjev kvar sine 300 kr. aarleg i hus- og
jordleige og til ljos, uppvarming og reinhald.
Styrarar har vore:
1. Kand. theol. M. O. Herberg, no
sokneprest til Øvrebø, 1876—85.
2. Seminarist O. Strømme, 1885-99. Død.
3. » —« Johan Seland, no
amtsskulestyrar i S. Trondheim, 1900—1910.
4. T. Stavdal, 1910. Er styrar no.
Stavdal er fødd 1881 og har fyrr vore
lærar ved Rygjabø ungdomsskule.
Søre Trondheim.
Den fyrste amtsskulen i dette amtet vart
uppretta av amtsformannskapet i 1875, og kom
i gang 10. jan. 1876 i Børsen. Ved skulen
var 2 lærarar, og etterat serskilde gjenteskeid
kom i gang, tillike 1 lærarinne i kv. handarbeid.
Skulen var flytjande — 2 aar paa kvar stad.
I 1900 vedtok amtstinget at skulen skulde
vera fast. Serleg arbeidde den dugande og
framsynte styraren P. Dybdahl for dette. Han
saag, at skulde skulen løysa si uppgaave fullt
ut, maatte skulen faa sin eigen faste heim,
der baade lærarar og elevar kunde bu. Etter
mange forhandlingar paatok daa Strinda kom-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>