- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
48

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Dei einskilde skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 48 ~

Der er ikkje gymnastikksal.
Styrarar har vore:

1. Seminarist O. A. Wist, 1876—1890.

Wist var fødd paa Innerøyi 1846 og
dimittert fraa Klæbu seminar. Fyrr han
i 1876 vart amtsskulestyrar, hadde han
vore lærar paa Steinkjer borgarskule.
Wist var stortingsmann fraa Nordland
1886-88.

2. Kand. theol. V Hesselberg, no resid.
kapellan til Søre Odalen, 1891 — 1903.

3. Lærarskuleelev og underofficer O.
Stenbro, 1903. Er styrar no.

Stenbro er fødd paa Lade ved
Trondheim 1848, dimitt. fraa Størens lærarskule
1867 og fraa underofficersskulen for
artilleriet 1874. Han var tenkt aa taka til
med folkehøgskule i Støren, men vart so
i 1876 andrelærar ved den same
amts-skulen som han no styrer. Han har
alt-so vore ved skulen i 38 aar.

Trumsøy amt

Amtsformannskapet for Trumsøy amt
vedtok i 1876 aa uppretta ein amtsskule, og
at denne skulde vera flytjancle. Skulen kom
igang same haust i MaalselvL Det skulde
vera skule 10 maanader for aaret — 4 mdr.
gjenteskeid og 6 mdr. guteskeid. Ved skulen
var 2 lærarar og ei handarbeidslærarinne.
Skulen flytte so millom ymse bygder — ofte fleire
aar same stad — inntil amtstinget i 1907
vedtok at skulen skulde verta fast i Ibbestad.

Anitsskulen i Ibbestad.

Kommunen giev fritt hus til skulen iQii
ved Ibbestad kyrkje. Til skulen høyrer uthus
og ein stor kjøkenhage, der det vert avla dei
grønsaker skulen treng. Skulen er utstyrd med
elektrisk l/os.

Skulen arbeider fraa hausten 1907 etter
ein ny plan. Kurset er no paa S mdr. fraa
midten av Septbr., og der tr fe/lesundervisning.
Sløyd Qg husstell er upptekne som fag ved
. skulen, og forutan det lærarpersonale som fyrr
var ved skulen, er no tilsett ei kjøkenlærarinne.

Korkje lærarar eller elevar bur paa skulen.
Der er ikkje gymnastikksal.

Styrarar har vore:
1. Seminarist H. Kr. O. Kotstad. 1876-77.

(Sjaa amtsskulen i Salten).

2. Seminarist Sofus J. K Jenssen, 1877. Er
enno styrar.

Jenssen er fødd 1847 og har altso no
vore ved same skulen i 37 aar.

I 1912 vedtok amtstinget aa uppretta
ein fast amtsskule til. Lyngscidet vart vald til
skulestad.

Amtsskulen i Lyngen
vart opnå 15. Septbr. 1912. Skulen har berre
ein lærar, men 2 lærarinnor. Den eine
underviser i kv. handarbeid og nokre boklege fag,
den andre i kjøkenstell. Baae amtsskulane
arbeider elles etter same plan. Lyngen kommune
har bygt hus aat skulen og kostar Ijos,
reinhald og uppvarming.

Styrar er:
Seminarist Johan tiveding, 1912.

Hveding er fødd 1879 og har eksamen
fraa Trumsøy lærarskule 1903. Han har
vore paa danske og svenske
folkehøg-skular og var andrelærar ved Løndals
folkehøgskule i Vesteraalen 1907—12.

Finnmarki.

Dei som fyrst tok upp arbeidet for ein
amtsskule i Finnmarki var amtmann, seinare
riksadvokat Blackstad og distriktslækjar i Alten
L Follum. Sistnemnde fekk heradsstyret i
Alten til aa lova rom aat skulen i
kommunelokalet der. Amtsformannskapet vedtok daa i
1876 aa uppretta ein amtsskule, og at denne
skulde vera i Alten. Amtet gav noko tilskot
til byggjingi av det nemnde kommunelokale,
mot at skulen fekk hus der.

Vestfinnmarkens amtsskule
vart opnå i Alten hausten 1876 med ein lærar:
John Froskeland, som enno er styrar av
skulen. Fyrste aaret var det eit skeid paa 7 mdr.
for gutar. Na*ste aar vart tilsett ei lærarinnc
i handarbeid og i 1879 ein andrelærar,
samstundes med at det vart ordna so at det kvart
aar skulde vera skeid i 6 mdr. for gutar fraa
15. Septbr, til 14. mårs og eit gjenteskeid paa
4 mdr. fraa 15. mårs til 15. juli. Denne
ord-ningi varde fraa 1878 til i 1909.

Sidan den tid er det fellesskeid for gutar
og gjentor paa 7 mdr. kvart aar fraa 1. seplbr.

I 1878 vart froken Caroline Dishington
lærarinne ved skulen, og ho staar framleides
i denne posten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Oct 18 18:12:14 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free