Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tr PRE
4 VETLE VISLIE
tull, at dei gjerne kunde undrast og bera det ut yver
bygdi. Folk var snilde og hjelpsame nok; men dei
vilde daa so gjerne hava noko aa slarva um.
Naar han visste til seg, laag han og stirde fram
fyre seg so underleg fortenkt. Mangt og mykje för
tankarne hans yver... eit heilt liv i slit for den
stakars maten; svikne voner, angest og otte.
— Aa ja, ja, san!
— Fr det noko du vil, Hermod?
— Nei, ingen ting.
Han svara so stilt og venleg, laag so atter og
stirde. — — Ein fager sumardag saag han. Han og
Aasne skulde paa støylen og slaa, — det var endaa
det aare han Knut, son deira, reiste ifraa dei.
Brunen stod klyvja i tune, — ho Aasne saag etter
for siste gong, at alle dørar var læste, og so labba
dei i veg uppetter kleivi. Dagen var god og varm,
og bøarne der ute med vatne stod grøne og fagre i
morgonsoli. So hadde Aasne sagt, at det var reint
burt i veggjerne meiningslaust, at alt det grase
skulde staa der og rotna aar etter aar. Bø-kaksen
var like rik, um han let folk slaa der for ingenting.
— Det inbiller du deg at han vil?
Ho gav seg straks, som ho var vand til. — Aa
nei, litt vilde han vel hava, sa ho.
— Hev me raad til aa leiga kanskje? spurde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>