Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
PAA VILLSTRAA. 23
nokon annan kjenning. Paa denne aksjonen hadde
dei dansa, og daa hadde han teke henne so varmt og
hugheilt i henderne, at ho kjende det i lange tider
etterpaa.
Og so skulde det no gaa slik som det hadde
gjengel Utgjort var det, plent utgjort:
«Eg er so tunglynd,
eg er so lei meg,
eg trur eg yvergjev alt i hop!»
— Paa vegen utetter til Bøen, der fesjaae skulde
vera, hadde dei raaka den gamle sveinkallen fraa
Nevatveit. Han var gamal og ljot, so det plent var
sutemaal aa sjaa paa honom. Togg tobak gjorde
han som ein gris . . nei, so han saag ut som ein
gris; raud i augo var han mest støtt, og dei ljos
raude skjeggestubbarne stod og lyste lang veg ...
desutan hadde han vore full, og fulle mannfolk var
det verste ho visste!
Han hadde fylgje med broren sin, ein ung gut
so vidt sloppen fram for presten. Han saag blaug
og baansken ut, og torde mest ingen ting gjeta for
den eldre broren.
Dei slapp ikkje fraa denne sveinkallen, men
maatte fylgja med uppum Nevatveit, og daa det leid
til kvelds, hefte han dei der um natti. Korkje ho
elder faren hadde vidare hug til det, men han var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>