Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
28 VETLE VISLIE
dugeleg juling, og meir skulde han hava fenge, um
ikkje lensmannen var komen til og hadde sagt, at
no fekk dei halda fred, elder so skulde dei faa med
honom aa gjera. So gjekk ho med vardølarne inn
i stova paa Bøen. Gutarne kaupte øl og drakk, song
nye og gamle visor, banna og fortalde skrjonor.
Ho mintest med ein liten agg, at ho hadde lætt
aat dei morosame sogorne; men samstundes hadde
ho kjent seg skamfull, plent som ho hadde gjort
eitkvart vondt. Det var raatt og ufint alt detta; drykk,
banning, stygg tale og all slag fælslegheit var daa
vel ikkje det same som moro? Ho vart sturi; me-
dan ho sat der i den læande ungdomsflokken, kjende
ho seg so inderleg sorgfull. Var det daa ikkje an-
narleis, alt det ho hadde lengta imot og drøymt um,
fraa ho var liti gjenta . . . var det dette som var
det vene og rike, det som lyfte os upp og gjorde os
gode og sæle . . dette rike live, som stod for henne
i glansen av alt ho hadde lese og høyrt? Aa Gud,
kor det i grunnen var tomt og ringt alt saman!
Berre dei som heilt kunde gløyma seg sjølve,
liksom den svensken ho hadde set paa fesjaae I
dag, kunde lita seg med sovore. Han stod der paa
trokken, full som ei filla og fillut som ein fant, med
ein brennevinsbuttel i handi, og log .. log til alle
som kom inn aat honom, og sa: «Detta lifvet, år
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>