- Project Runeberg -  Forteljingar /
31

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PAA VILLSTRAA al

anna en han lyste fæle ord yver steinen elder tuva
han hadde snaava i. Ho totte tydeleg ho kjende
baade mæle og eidarne: jau visst var det sveinkallen
paa Nevatveit! For eit ulidelegt klaategras! — Han
hadde vel fenge høyrt av ein elder annan, at ho var
reist aaleine ifraa fesjaae, og so skulde han gjera
so vel og fylgja hennel Hadde det berre vore ein
annan! Hadde det berre vore ein annan! Ja, det
kvitta mest eitt, kven det hadde vore, berre ikkje
Knut Nevatveit. Ho kjende, at ho hata denne
mannen, og ottast for honom som for eit ulkelegt dyr.

Stilt kraup ho i hop under grantree, medan
han för framum, og torde mest ikkje teva. Daa ho
glytte fram, var det so vidt ho kunde augna honom,
og so vaaga ho seg i veg att.

Endaa det var den fæle sveinkallen, kjende ho
seg liksom tryggare. Det var reint merkelegt kor det
hugga, aa vita at der fanst eit menneskje ikkje langt
ifraa . . . otten for skrymt og udyr fekk ikkje nokor
magt lenger. No galdt det berre aa fylgja etter
han Knut.

Men ho trødde uvarleg paa ein stein og kvakk
so ho riste, daa han med eitt stana og saag seg
attende. Ho hykte seg ned, krabba inn i eit granholt
og vart liggjande. Ho høyrde han kom hæmande
attende, leita eit bil millom tréi, lyste og banna;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free