Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
PAA VILLSTRAA 33
faa sjaa tvo ilogande augo stira paa seg, og daa
kunde ho verta plent vitskræmd . . . hu nei, det
torde ho ikkje!
So tok ho til aa springa, til ho mest vilde siga
i koll. Ho vart fælt tyrst og vilde luta seg ned og
drikka av bekken som rann innmed vegen; men med
det same høyrde ho eit langt fælt «u—u—hul» upp
under urerne.
Ho så «Jøsses namn», mest utan aa vita av det
sjølv, og tok so til sprangs att. Det vart endaa myr-
kare og villare ikring henne, og vegen mindre og
mindre synt, til slut stod ho midt i svarte skogen
utan aa vita verillen. Det sveiv for henne, at ho
kunde leggja seg under ei gran det myrkaste av natti,
og dette hadde ho vel gjort og, dersom ho ikkje hadde
høyrt at det skulde vera spelegt aa liggja paa berr
mark paa det bil aare. Det tok til aa ringla for øyro
hennar, ho totte plent ho høyrde feletonar, skratt og
rop av gutar og gjentor:
Synest du kje Lappen er smeiseleg kar?
slepp han paa golve, so dansar han sjav!»
Og ikkje berre tullar og slaattar kom fyre henne,
men all slag underlege ord og læte ho aldri hadde
høyrt i sit liv. Innimillom ein stubb av eit eventyr:
Det var ei gjenta, ei ung gjenta, som vildra seg
burt i skogen. Møtte ho der rysen Grylte Avdyrke.
3
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>