Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SLAATT ELDER SALME 43
syngja og spela, men naar dei vart vakte, var dei
mest som umælande dyr ...
So hadde Ivar spurt den framande, um han
trudde det var synd aa spela paa fele, naar det
vart gjort til Guds ære ...
Nei, sa preikaren, det er ikkje i toneverke
syndi er, men i vaar hug. Naar fela vert brukt til
aa spela salmar og gudelege songar paa, so vik
Satan langt ifraa.
Og Ivar nemnde daa, at han hadde tenkt paa
aa læra seg til aa spela salmar paa fela ... han
trudde at Guds folk vilde uppbyggjast ved det.
Baade Jakob Sliremyr og den gamle bror i
Kristo Eivind Aase hadde i fyrstningi svært mykje
imot det; men dei maatte bøygja seg for den framande
preikaren, som heldt paa si meining.
So vart det daa avtala, at Ivar her etter skulde
spela paa fele, aandelege songar, i samlingarne.
Difor gjekk han no kvar sundag upp til Aase til ho
Margit for aa læra lundar. Det var det gildaste han
visste, aa sitja og lyda, medan ho song dei nye
fagre songarne, som tok ein heilt inn til hjarte-
røterne; andlite hennar skein i sæla, og dei blaa
augo var so djupe og dragande . . . .
— — — Det för til aa myrkna, daa han kom til
Uppigard Aase. Døri stod opi, og folk svinta ut og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>