Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50 VETLE VISLIE
meg imot!» Kva kunde det gagna aa stura? Ut-
støytt var han av Guds born, no vilde han vera
verdens born lik . . gleda skulde yngjast upp att i
bygdi, det gamle liv verta ungt og nytt . ..
Han glodde inn gjenom glase. Jaumenn var det
liv i gutarne enno! Der sat Per skomakar og rikta
ein rheinlånder, nokre par dansa, andre sat paa
benkjerne ved veggen og rødde og lo. No var slaat-
ten slutt, og ein full mann gjekk fram paa golve
og song ei gamal regla . ..
Stilt tok Ivar fela or kassa og sette seg i hagen.
Han stilte varleg, so med ein gong sette han i sin
beste springar.
Ein heil flokk kom springande ut. Per fyrst.
Dei tendra ei fyrstikka og lyste honom inn i andlite.
— Nei, no stend ikkje verdi lenger . . er det kje
han Ivar?
Ivar spratt upp.
— Hei, gutar, vil de hava ein slaatt elder ein
salme?
— Ein salme, ein salme! skreik dei.
— Ja, bitre død! sa Per. Kom med kjeringi
med staven!
— Hev du ein dram, Per? spurde Ivar.
— Ein dram, spelemannen vil hava ein dram!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>