Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
EIN SNILD MANN 61
— Visst fortjener du det .. du lige saa meget
som andre.
— Takk. Kvar skal elles presten av i kveld?
Han tenkte paa at Guri vilde fritta honom,
naar han kom heim, og kalla honom ein dott, som
ikkje spurde um ein sovoren ting.
— Jeg skal i sognebud til gamle Lars Heggstad,
svara presten noko stutt. God nat, Johans!
— God natt, og lukka paa ferdi!
Han stod eit bil og kjende seg so glad og lett.
Ikkje berre for dei pengarne han hadde von um,
endaa dei kom vel med dei og .. 150 krunor i
aare minst. Kanskje 200; det vart mest 4 krunor
i vika det. So kunde han faa bitala si skuld paa
budi og vøla litevetta paa husi sine.
Men mest glad var han av di presten hadde
vore so hyggjeleg . . reint gjemeinsleg var han. .
Fekk han no berre det han hadde til gode av
Nils Bratterud, kunde han kanskje kaupa seg ein
liten gard. I skuld kom han sagte, men det var
ingi sak aa greia rentor og avdrag, naar ein hadde
visst 200 krunor i aare.
God i seg hadde han vore. Uh, for ein hjarteleg
godsau. Han hadde jamt tenkt seg, at Nils var
eit flogvit . . slik geire var det i honom, at han var
Geire: aandslivlighed, begavelse.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>