- Project Runeberg -  Forteljingar /
63

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EIN SNILD MANN 63

So ein gong til, hardare. Døri vart opna, og i
ljose fraa stova saag han Nils koma ut, raud og
tjukk i andlite.

— God kveld! sa Johans og gjekk fram paa
hella.

— Gud sign! Er det kjent folk som ikkje
vaagar seg inn?

— Ja, eg vilde kje ganga inn, sidan du hev
framandfolk hjaa deg.

Det er aldri vyrdande, du .. det er berre tvo
merkjarar. Slike folk maa smyrjast litevetta, um
handelen skal ganga, ser du.

— Det er vel so det, ja.

Johans strauk seg um munnen, han var jamt
og støtt so blaug, naar det kom til stykke. Nils
gav honom ikkje tid helder, men dreiv paa, at han
skulde gaa inn. Han orsaka seg med at det var
so seint, han laut nøyta seg heim att.

— Du hev smaa heime som ventar vel? spurde
Nils og lo. Elles er kvelden lang, og sidan kjem
maanen. . ..

Det var ingi raad, han maatte fylgja med inn,
og vart framsynt for dei tvo bykararne, som han tok
i handi og helsa med eit takk for sist. Han totte
plent dei blunka til kvarandre og flirde. Der sat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free