- Project Runeberg -  Forteljingar /
65

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EIN SNILD MANN 65

— Nei, det er plent som paa støylen her paa
Bratterud, veit du; tri gonger maa du drikka.

— Takk, eg toler ikkje meir no, nei slett
ikkje, du!

— Du skal drikka, du veit eg unner deg godt,
Johans.

Johans lest drikka, men vætte berre lipporne.
Nils gaadde dette vanlege knepe, og no slapp han
ikkje, fyrr han hadde teke ein god gløyp. So sette
han seg paa ein stor kubbestol, som Nils hadde sett
fram for honom midt paa golve, medan Nils sende
bollen ikring til bykararne. Johans vart snart uvanleg
blid, og so underleg ustø i augo.

Den eine av bykararne sat nett og fortalde Olav
Asia, kor mange gonger han hadde spela gale. Det
var ei stor syndetavle; men Olav sat berre og engle-
banna, og forstod lite av det bykaren sa. Nils sette
seg no, saag paa korti sine og slo i borde.

— Grand! skreik han, endaa han hadde Olav til
makker, og vart so slem i sin eigen grand. Daa
vart han so gloande sinna, at han tok til aa røa um
at Asia-naute helst burde gaa burt i fjose og spela
kort med fee. Det var elles godt dei hadde fenge
ein fjordemann som øunde spela kort.

Skulemeisteren var trau til aa vera med, og sa
at han ikkje kunde spela whist.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free