Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det hadde vore stort doggfall um natti, og daa
soli rann, glitra tusund av dropar i gras og lauv.
Det galdt um aa vera tidleg paa teigen; for soli
baka hardt i den speglande reine lufti, so doggi
snart eima burt, og grase vart turt og hardt. Fin-
nen nedpaa Berdals-floti var no reint framifraa seig
og, den, og botnen var urein, so det var ikkje verdt
for rotameisar aa vaaga seg til aa kappskjæra der.
Steinar og Knut var vande til aa fylgjast i skaa-
ren; men i dag gjekk det helder paa honom Knut.
Han brynte tiare og tiare, rende so kvast til eit bil,
men maatte pusta innimellom att, medan Steinar
gjekk jamt, utan aa verta trøytt.
Han var ikkje stor nettupp, han Steinar, men før
og tettvaksen, herdebreid og med seige senar. Han
Kappskjæra: slaa i kapp, av «skaar, d. e. den bue som
ljaaen danner paa marken, naar man slaar hø». (L. Aasen).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>