- Project Runeberg -  Forteljingar /
89

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KJEMPETO E 89

godt han kunde, alt til broren vart vond og vilde
kasta. Han vart daa nøydd til aa taka att, og slengde
Knut i tile, so det knaka i bein og bunor. Heile
aalmugen sette i eit villt rop, og Steinar vilde
reisa seg, daa Knut treiv honom i halsen. Sinne
tok honom og, og so banka han broren upp so
tæglegt som det var raad med.

Knut reis upp, blodut og fæl.

«No hev rivbikkja fenge nok for i kveld!» var
det ein som skreik. Knut høyrde det, og spurde
kven den fillekjeften var. Det var ingen som gav
svar; men Knut rusa fram og treiv Torgrim i halsen.

«Du er so god du held fred i kveld, brorl»
truga Steinar. «Elles skal du faa so mykje at du
aldri kjem paa føterne meir!»

Knut sette i og illhua, rende ut av stova og
beint burt i fjosskaalen etter gampen, spende honom
fyre og i rasande jag gjekk det nedyver kleivarne.
Vegen gjekk i tverre svingar; haalt var det og
hengjande bratt utfyre.

Dei høyrde korleis han hua og skreik. Med
ein gong vart det kurande stilt, og aalmugen gjekk
inn att og let att døri.

Men der var ingi moro meir. Steinar sat still
og underleg for seg sjølv og gjekk snart heim att,
og daa vart det endaa meir uhuglegt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free