Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
94 VETLE VISLIE
Den same ætti hev butt paa desse tvo gardarne,
mann etter mann og feggje etter feggje i fleire
hundrad aar. Haukaas hev etter segni vore hovud-
bøle, og Venalid var fraa fyrst av berre ein hus-
mannsplass. So segjer segni, at det eingong paa
Haukaas budde ein mann som hadde tvo søner.
Den eldste var usamd med far sin og sa fraa seg
odelsretten til garden og flutte til Venalid, medan
den yngste tok imot Haukaas. Paa Venalid braut
han upp aaker, rudde stein av jorde og veita ut
myrarne. Son hans bygde nye hus, og daa tvo
mansaldrar var gjengne, var Venalid mest likso
god gard som Haukaas.
Her kan vel vera paa lag halvt hundrad aar
sidan, no, daa budde der paa Venalid ein mann
som heitte Haavard. Han vart gift med 2&éi
rik gardgjenta burtanfraa kyrkjebygdi. Ho heitte
Dagny og var ordgjeti for sin venleik. Haavard og
ho heldt svært av kvarandre, og dei livde so sælt
ihop, at det vart eit ordtøke yver heile bygdi. Naar
tvo skulde gifta seg, visste kje folk betre aa ynskja
dei en dette: «Tru de maatte faa det likeso godt
ihop som folke paa Venalid!»
Daa dei hadde vore gifte eit par aar, og hadde
fenge ei liti ven dotter, vart ho Dagny so underleg.
Ho miste baade hug og dug; ho folna liksom burt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>