- Project Runeberg -  Forteljingar /
106

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

106 VETLE VISLIE

sjaa. — Han ventar so, sa ho. Og tidi fell lang for
den som sjuk er, veit du.

— Dersom han søkjer Gud av eit ærlegt hjarta,
vil han finna fred. Men det trur kje eg han gjer.
Um han vart frisk att, vilde han drikka og dusa
plent som fyrr.

— Ja, du lyt gjera som du vil, sa ho, reiste
seg fraa borde og tok av maten. Ho var av dei
gamaldags kristne, ho mor, og visste ikkje, at me
ikkje skal kasta perlor for svin.

Men eg hadde ikkje minste hug til aa sjaa att
Torgrim og Ingebjørg, og difor stelte eg meg same
dagen og strauk aat heii for aa fiska. Eg totte det
var for tidleg aa byrja slaa.

Eg var der tvo dagar, men fekk berre nokre
kotar og so ein gild ein paa fire merker. So kom
der eit styggjelegt uver, og eg laut heim att

— Det skal vera gildt aa faa noko umskifte paa
maten, meinte eg, daa eg synte mor den store fisken.

Men ho sa berre: Aa du, som han Torgrim
hev lengta etter fisk!

— Skal han no taka maten fraa meg au? tenkte
eg, og gjekk og antrast med meg sjølv ein heil dag.
Her var andre som var nærare til aa senda honom
mat en eg; men samstundes kunde eg ikkje lata
vera aa tenkja, at dersom eg sjølv hadde vore sjuk,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free