Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
150 VETLE VISLIE
aldri fred aa faa. Men mannen laag og sov, tjukk
og raud, med dei breie labbarne, og saag so gres-
jeleg nauten ut. Plent som eit dyr. Feite mannfolk
. var det ulkelegaste ho visste . ..
Ho sette seg fyre, at ho vilde hava eit eige
soverom, og det sette ikkje mannen seg imot.
Naar han daa kom full heim, læste ho att døri,
og let ikkje upp, um han stod og banka paa.
— Aa pokker gaar det a’ de naa igjen, døla?
song det daa for øyro hennar heile dagen etterpaa.
IV.
Nede i ei liti hytta reint for seg sjølv budde ei
gamal taus, som sagdest vera komi ovantil fjell-
bygderne ein stad, og difor kalla dei henne «Fjellska».
Ho var no gamal, Turi, og ljotare en ljott; men ho
munde vel ein gong vore yndeleg, ho med, etter di
gamlen paa Storevik hadde drege paa henne. Ho
vanka aldri fram paa gaarden, og aldri vart ho
nemnd der i huset. Sigri visste difor snautt nok
kva ho heitte.
Ein sundag ut paa sumaren raaka Sigri henne
eit stykke ifraa hytta hennar, og gav seg til aa røa
med henne. Daa ho høyrde kvar Sigri var ifraa,
ljøsna det upp i det gamle skrukkute og forgræmde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>