- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
15

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

venta og venta. Men so braut dei ut og skipa den
evangelisk-lutherske frikyrk.ja i Arendal. Straks
Jørgen Moe vart bisp i Agder, fekk han Dietriehson til
å søkja eit postmeister-embete, og riksstyret
utnemn-de han. Men det var for seint.

Ein kan trega på at ikkje Paul Wettergreen vart
kst. sokneprest i Risør då faren tok avskil i 1875.
Det var v a n 1 e g t at personell-kapellanen fekk styra
soknekallet når soknepresten slutta. Men det var
truleg lokale umsyn som gjorde at kateket Alver vart
konstituera. Og Paul Wettergreen vart soleis utan
embete. Han tenkte på å søkja eit embete i
Gudbrandsdalen. Men vegen til frikyrkja laga seg
natur-leg for han.

I 1876 gjorde Wettergreen og Hortens-presten
Storm Munch ei ferd til Skotland, til å setja seg inn
i den presbyterianske kyrkjeskipnaden i den skotske
frikyrkja. Og året etter gjekk dei båe tvo ut or
stats-kyrkje.

Det var ikkje få av professor Johnsons elevar
mil-lom prestane som leid samvets-pina ved prestetenesta:
at dei var nøydde til å døypa, konfirmera, brudvigja.
og jordfesta alle slags menneske! og nemna fadrar og
altargjester «gode kristne», um dei so levde eit uliv
og ikkje vilde gjera ålvor av sin kristendom. Munch
og Wettergreen gav ut ei liti skrift, der dei greidde
ut um sine grunnar. På Horten hadde Munch freista
med «kyrkjetukt»; men han fekk ikkje medhald hjå
prost og bisp; han tok då avskil frå prestetenesta
same å rot som Wettergreen slutta i kapellan-embetet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free