- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
22

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

vetteren yver Johannes’ Openberring, til motvekt mot
Wettergreen s tolkingar. Det var elles mykje
verdfullt og hjartekveikjande i Wettergreens bok; eg veit
biskop Laache var glad i henne. Men både
Wettergreen og Arnesen las Openberringi ut frå vår tid,
ikk.je frå si tid. Det er ingen tvil um at den store
skjøkja er meint på den romerske keisarmakti som
nett då forfylgde dei kristne, «full-skjenkt med blodet
av dei heilage».

T bedehus-styret vart det strid. Dei hadde ikkje
hug å stengja bedehuset for Wettergreen. Men
soleis som striden kvesste seg til, laut dei frikyrkjelege
i Risør no tenkja på å byggja sitt eige samlingshus.
Og då vart det av seg sjølv heil utskiljing.

Arctander var stri. kunde fjuka upp mot dei
frikyrkjelege. Midfastesundag 1880 heldt lian ei kvass
preik i Risør-kyrk.ja: han gav henne ut på prent:
«Rækker vor kirke livsens brod til sine troende
børn ?» Han meinte ja. «Jeg er prest i statskirken,
og våger stå her i Jesu navn. Det er ikke for
levebrødets skyld. Levebrød hadde jeg før. Men jeg er
prest med glede, fordi jeg i prestegjerningen kan
tjene min Herre og Frelser. Jeg kan med frelst
samvittighed stå her så lenge jeg får lov å forkynne hans
ord purt og rent og forvalte hans sakramenter
rettelig.» Det var ikkje noko sers ved desse ordi. Men
dei vekte uro og laga ordskifte i byen.

15. oktober 1882 heldt Risør indremisjonsforening
møte «for at afgjøre hvorvidt de frikirkelige og
statskirkelige medlemmer af foreningen nu skulde skilles

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free