- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
105

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

105

Eg må med same fortelja at då eg fekk snakka med
Simon Michelet, stadfeste det seg det eg både trudde
og hadde frett, at korkje han eller Lyder Brun slo lag
med Johs. Ording.

Korleis bar det til?

Carl Konow var frå student-dagane den mest
konservative av oss alle. Ein kveld me var saman fleire studentar
og kandidatar, og ein kandidat heldt tale for den
«viden-skapelige sannferdighet», då tok Konow ordet. Han
hadde vore ei ferd i Danmark og Tyskland. Han peika
på at både der ute og her heime viser det seg at «de som
utretter noe i Jesu Kristi rike, er folk av den gamle
retning»! Konow var beint fram redd. den nyare teologi.
Han våga ikkje lesa noko av Ritschl. Det hev han sjølv
fortalt.

Heilt til 1894 stod han på same standpunkt. Ved den
«første norske preste-konferens» den hausten høyrde han
eit foredrag av Otto Jensen, som tok fram synsmåtar frå
Ritschl. Det slo ned i Konow (eg var sjølv til stades der
på møtet): det er ikkje rett å døma det ein ikkje kjenner!

Den grundige mannen han var, skreiv han etter bøker
av Ritschl og Kaftan, tok til å lesa, og vart dregen inn i
deira tankegang.

I teologiske møte i Bergen greidde Konow ut det han
hadde lese. Kameratane totte mun i å høyra på han,
fint og ærleg som Konow alltid bar det fram. Men dei
gådde kor subjektivismen meir og meir tok herredømet.
Dei objektive fakta fekk minder å segja.

I 1906 heldt dei yngre prestane i Bergen ei rekkja
upplysande foredrag i domkyrkja um nyare teologiske
synsmåtar. Det trongst å lufta ut på det gamal-teologiske
myrke-loftet. Carl Konow var den fremste både i kunn-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free