- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
111

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

iii

Eg svara: «Kan du få nokon annan, vil eg helst ikkje
fara frå Voss folkehøgskule. Men finn du ingen annan,
lyt eg vera til tenesta. Det arbeidet du hev teke upp, må
ikkje slutta.»

Det viste seg det var ingen annan. Eg sa upp
lærar-posten på folkehøgskulen; eg sa upp husværet mitt på
Voss, eg leigde meg hus på Nordstrand.

Men månad etter månad gjekk, og Hognestads
embete var ikkje utlyst. Eg skreiv til han: «Kvar vert det av
embetet ditt? eg hev brent mine skip!»

Han ned i departementet. «Ja ser De, det er jo ingen
ting avgjort om det skal fortsette på samme måte!» «Kven
skal avgjera det då ?» «Biskopen må jo uttale sig.»
Hognestad ut i Gamlebyen til biskop Bang. Bang skreiv til
departementet og kravde saki tilsend. Han talde til at
det måtte koma ein ny ungdomsprest med same instruks
som Hognestad hadde havt.

So gjekk det endeleg i lås. Embetet vart utlyst, med
stuttaste søkjetid, og eg vart utnemnd. Men då var
flyttegodset mitt alt kome til Nordstrand, og huslyden min
sameleis; sjølv var eg på foredragsferd i Trøndelag.

Det var minister-skifte i dei månadene. Løvland gjekk
av, og Gunnar Knudsen vart minister-sjef, med Karl
Seip til kyrkje-minister. Leidi vart likso norsk som fyrr.
Men det spør st um ikkje departementet hadde vona å
få mål-presten gravlagd?



At Hognestad vart lærår ved Menighetsfakultetet,
var ei gleda for alle vener av kristendom og norskdom.

Men sume som av kyrkjelege grunnar vilde stydja det
nye fakultetet, drog seg att-ende då dei høyrde
Hognestad skulde vera lærar der. Millom deim var professor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free