- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
123

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - «Mål-prest»

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

123

Det var kanhenda ei lukka for Seip at han slapp å
uppleva nederlaget ved stortingsvalet i 1909, då Gunnar
Knudsens riksstyre fekk fleirtalet imot seg.

Det var skamlause skuldingar som vart nytta i
val-striden: Gunnar Knudsen vilde ta odelen frå bøndene!
det var konsesjons-lovene hans som vart rengde soleis.
Dei andre riksrådane fekk gå igjenom litt av kvart. Karl
Seip vilde vel ha fenge vond-ord han ög.

Korleis tankegangen var på av-veg, fekk eg eit stridt
døme på med det ein akademikar sa til meg: hadde her
vore eit anarkist-parti her i landet, vilde eg røysta med
det! men då det ikkje finst, røystar eg med det mest
anarkistiske parti, med høgre! Det galdt den private
eigedomsrett, meinte han, det private initiativ, som trong
vern mot sosialistisk regulering eller kontroll av
samfunds-umsyn.

Privatkapitalen fekk dessverre kjøpa upp fosse-krafti,
bøndene let seg narra til å selja herlegdomane sine for
ei liti betaling. Og det endå Henrik Ibsen i femte akt av
«Brand» hadde åtvart bøndene alt i 1866.

Mange gjæve målfolk kom eg i lag med på ferdene
mine.

Jørgen Løvland var eg tidt saman med på stemner.
Han hadde eit utifrå godt minne, gav oss heile
målstre-var-soga, synte korleis norsken smått um senn hadde
vunne fram. «Vil de gjera det um att ?» ropa han ut. Nei,
han tala so yvertydande at det var rådlaust å leggja imot.

Morosamt var det ei kona frå Drammen sa til han då
dei prata saman i jarnvegs-vogni: det er so moro å snakke
med dere! dere snakker akkurat som simple folk i
Drammen! *

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free