- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
169

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169

Den djupe klufti mange kristne hev laga millom
verdslegt og kristelegt, hev gjort all ungdoms-moro til
det dei kallar syndeliv. Kva skulde ein stakkars ungdom

gjera? Trongst det ikkje kristen upplysning?

#

Dei største avisene i landet tedde inn i folk: her er
ingen fridom lenger her i landet! her er so mange lover!
å brjota urimelege lover er både natur legt og rimelegt!
slike lover er ikkje noko å bry seg um!

Eit minne frå ei ferd nemnde eg tidt:

Ein bygde-dokter heldt oss vakne utetter notti um bord
i ein rute-båt, med skjelling og banning yver denne
fille-båten som ikkje hadde lugarar, so me laut ligg ja i salongen!
Til sist sa eg: kanhenda me andre fekk sova dersom De
var so snild å vera roleg? Då skvatt han upp:
«Uforskammet! er vi ikke i Norge? er vi ikke i et fritt land?»

Det var same fridoms-syni tjua-gutane i Bergen
forkynte: i dag er det 17 mai! i dag kan vi gjøre alt vi vil!
i dag kan vi slå sund vindus-ruter, i dag kan vi stele!

Undrast um same fridoms-syn høyrer med i norsk
folkekarakter? Ei engelsk dama gav oss nordmenn det
vitnemålet: they do what they will, noi. what they shall!

Eg var glad eg kunde herma åt ungdomen det ordet
av Bjørnstjerne Bjørnson: «Ingen i verden har lov til å
gjøre hva han vil! der er både skrevne og u-skrevne
lover over oss.»

Fridom — det er rett til d gjera det ein skal!

Dei lovene Gud hev sett for alt liv, dei er ikkje gjevne
på slump, som visst flest-alle tenkjer.

Eg freista syna at Guds bod-ord er kjærleg meint.
Han veit me er skapte slik at me kan ikkje verta lukkelege
utan me heidrar far og mor; me kan ikkje verta lukkelege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free