- Project Runeberg -  Arne Garborg. En livsskildring /
132

(1914) [MARC] Author: Erik Lie
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

132

at de skal dø døden. Men hvem skal ekspedere
dem ut av dette syndige liv?

„Eg er ein ugudeleg Kropp som vil øydeleggje
heile Menneskja og daa visst det norske Folk;
men hogge Hovude av tri Hønur og ein Hane,
det hadde eg ikkje Hug paa. „Eg kunde koma
til aa skjelve paa Handi", sa eg. Og han Erik,
som dreiv paa med Nystogo vaar ... nei; han
vilde ikkje heller. „Hadde det vori i mine unge
Dagar!" sa han. So fekk me Tak i han Esten
Vangen. Han hadde kje heller Hug til aa slaa
Høns ihel; men so var det vei so, at han hadde
endaa meir vondt av oss enn av Hønsi, og so
lova han at han skulde freiste lel. Han tok Øksi
og gjekk aat Hønsehuse. Men daa Hønsi tok til
aa galskrike, liksom ho forstod at det var Live
det galdt, — daa bleikna ho Hulda og bad for
Udyri. Stakkars rædde Fuglar; dei fekk i Guds
Namn heller liva ein Dag til. Og livde gjorde
dei; det fekk me finne Morgonen etter.
Kykeliky—y! Sol-er-i-Sky! Bøtt-bøtt-bøtt-ga . . .
pokk-pokk-pokker-ta . . .

Han Erik hadde ein Timbremann med seg som
heitte Jon; denne Jon’n var slik ein glup Skyttar.
Til honom vende me oss i vaar Naud: um han
ikkje vilde gaa heim etter Byrsa si og skjote
Hønseflokken. Jau; han Jon gjekk etter Byrsa.
Og Hønseflokken vart skotin, eitt for eitt. Fyrst
Hanen: han stod nedved Bekken og tenkte paa
inginting . . . døyde som ein Mann, utan ein
Sukk. So den svarte Høna; ho sparka litegrand.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 02:59:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/arnegenliv/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free