- Project Runeberg -  Barndomsminne /
17

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ting for å trøyste meg. "Siri Selmer" heitte elles
slett ikkje Selmer; ho hadde mist sitt eige namn,
av di ho so lenge styrde huse for ein Selmer.
Og Marja miste sitt, då ho gifte seg med ein
arbeidsmann som berre heitte Hans på heile Hamar.
Det greidde seg; byen var ikkje større. Var nokon
i tvil um kva for ein Hans det vart tala um, so
sa dei berre: "Hans hennes Marja."

Marja hadde tent på Saastad, men i mi tid
"gjekk ho i husi" og var til gagn og giede for
alle med sitt godlynde og friske humør.

For meg var ho "bånjinte" når mor var burte.
Og eg var so glad i henne, for ho sa so mykje
rart og morosamt stødt. Og tralla og song kor
gale det gjekk. "Ha je en hælvskjelling, ha je
støli’n," sa ho, "men kæin du veksle denna?"

Og ho slo ein bukseknapp i borde og lo
hjarteleg med den tannlause munnen sin. "En
lyt ta det en får og takke når en går ma."

— Mor gret ofte, og då var eg redd og kraup
under borde og sat musestill og lydde etter det
ho og Marja tala. Eg skyna ikkje alt, men mykje
meir enn dei trudde. Og eg vart ofte so leid
meg, at eg la meg ned og beit i ein dokkelapp
for å døyve gråten.

Det var Saastad dei tala um. Og eg skyna so
mykje, at eg ofte vart redd og sette fingrane i
øyro. Og då hadde eg berre ein tanke: Koma

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free