- Project Runeberg -  Barndomsminne /
24

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fullt av små gule gåsungar og so syngje for dei
til me alle somna i den solvarme kroken millom
hovudbygningen og fjøse.

Ja, på Eskerud hadde eg ogso berre ei sorg,
den same som eg hadde på Arstad — at eg so
snart måtte burt att.

"Mor med rømmen" var mors kjenning og
ven frå Saastad i dei mest dramatiske tidene i
Søgard’n. Bårone kunde gå høgt i selskapslive
der, når den nye tids birkebeinar og baglar tømde
horni med den bitre Heidmarks-mjøden av korn
og kæintøfler,1 øl og utanlendsk vin.

Då eg lærde å kjenne Æli Ørskjerud, var ho
ei eldre kone, stor og røsleg og hjarteleg
godlyndt. Og so røykte ho langpipe! Fin
merskums-pipe med blå perlesnor. Eg hadde elles berre set
nokre gamle legdkjeringar røyke, og dei bruka
kritpipe.

I mitt minne var det ho som fyllte huse.
Mannen hugsar eg best attmed omnen inni eit
lite kammers. Han var liten, blid og snild, lika
å prate med meg og klødde seg av og til på
ryggen med ein "kløpinne" til mi store moro.

Elles elska eg budeia. Ho var ung og ven og
hadde sengi si i fjøse, der eg eingong fekk liggje
med henne. Den stutte, breide tresengi stod
under det vesle grøne glase ved døri, og derifrå

1 Kæintøfler: Poteter.

24

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free