- Project Runeberg -  Barndomsminne /
28

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje so store og rike salar og stovor. Men då
hadde eg enno ikkje vore på Sæhli.

Minnest eg rett heitte fruva på Stori Marte.
Ho var klædd som andre gardkonor, hadde
ikkje skaut.

Og so var det Mons! Ein ljos, førlagd kar,
hjarteleg, godsleg og blid. Han vart eg strakst
glad i. Og fyrr mor og eg vandra på heimveg,
skyna eg det hadde vore snakk um at eg kanskje
kunde få koma att og bli der. Um det var for
stutt eller lengere tid, veit eg ikkje, men då
eg lå i sengebenken min um kvelden hadde eg
berre ei bøn, som eg sa inni meg, upp att og
upp att:

"Kjære gud, la mig komme til Stori! Kjære
gud, la mig komme til Stori!

Eg tagg og trygla so lenge, at eg til sist
trudde. Neste morgon vilde Mons koma med
den store hesten og den fine vogni, so blid at
det lyste av han, og segje: "Sett dei oppi, du ska
få vara med til Stori!"

Men ingen Mons kom. Eg lurte lenge på um
gud kanskje trudde eg hadde blit for "bortskjemd"

um eg var komen til Stori.

*



— Det var elles dei som skjemde meg burt
på Hamar og. Fyrst og fremst gamle fogden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free