- Project Runeberg -  Barndomsminne /
112

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hamar-fyrstikkene. Men diverre vart ogso denne
min fyrste sjølvtente kjole berre grå Cord.

Når eg hadde mine urider og alting gjekk
meg imot, tykte eg heile verdi var av grå
Cord.

Men Gløersen tala til oss um det store i at
me fekk vera med å skape ein Hamar-industri,
som skulde føre byens namn ut yvi heile jordi.
Og det var kje fritt me kjende oss som
medar-beidarar i verds-soga.

I det heile freista han å opne augo våre for
alt levande liv både i naturi og
menneskje-sam-funde. Gjera oss til vakne livets tenarar.

Um fru Mix Anker hev eg eit levande minne.
Mor skulde saume ein ballkjole til henne, og eg
fekk vera med og leike med Karen, seinare gift
med Johan Castberg, den kjende politikar og
skrivar på Toten.

Og no låg Karen og eg på huk og såg på
mor prøve den gule tarlatanskjolen på den myrke,
strålande vakre fru Mix. Mor var ogso myrk og
ven, og hadde for ikkje so lenge sidan sjølv vore
umsverma på baller og stråla i silke og tarlatan.
Dengongen tenkte eg ikkje so langt. Men eg
hugsa i den stundi på ein serskild måte restane
av ein gul tarlatans kjole og ein svart silkesalop
som låg i den blå kista.

Ogso til fru Anker skreiv Bjørnson eit dikt,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free