- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
17

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

17

hjå søiieiie. Lea-sønene fekk motvilje mot
Rakel-sonen som fekk dubbelt av Jakobs kjærleik. Og det
var rimelegt at Lea-sønene fekk liten kjærleik til far
sin når dei såg at far var so lite glad i mor.

So kom den dagen dei seide Josef, og narra Jakob
til å tru eit villdyT hadde drepe han. Stakkars Jakob!
han kjende seg fatig då. Og endå meir då dei laut ha
Benjamin med seg til Egypt. «Skal eg vera barnlaus,
so fær eg vera barnlaus,» segjer Jakob, det læt so
sårt.

Medan dei var burte, tokst han nok med tunge
tan-kar: eg hev ikkje betre stelt meg! det er berre
rett-ferdigt um eg fær tunge slag. Han bøygjer seg og
strider med Gud i bøn. So ein dag han sit og skodar
mot sør, kjem ei av smågjentene springande:
bestefar, no kjem dei! Han ser støvskyer langt burte, det
er ein karavane; det er truleg sønene hans. Dei kjem
nærare: han ser mange vogner, og mange klyvdyr.
Han tel sønene: jau der er Benjamin! der er dei alle
elleve! no vanta berre Josef! «Fekk de korn, gutar?»
«Ja vi fekk unøgjes! og mykje meir! han som styrer
i Egyptarland, det — det er Josef!» «Lever Josef?
lever Rakel? kan dei daude risa upp? » Det er ein dansk
diktar Christian Richardt som hev skildra dette møtet
i eit dikt «Jakob i Hebron».

So laut sønene ut med sanningi: vi narra deg, far!
vi seide Josef til nokre farande handelsfolk, og so
duppa vi kjolen hans i bukkeblod og sende til deg.

Då lyfte gamlen hendene til forbanning: de narra
meg!!

Men brått seig hendene ned: kven var det som
slakta kidet og sveipte skinnet kring hals og handled?
kven var det som narra den gamle blinde far sin?
«Herre, kor du hugsar grant!»

2 — Anker: Bibelen for barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free