- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
45

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

på bratte Sionsfjellet. David gjorde Jerusalem til
hovudstaden sin, og førde Guds kista dit upp, og reiste
tabernaklet der.

Det var ei festleg ferd, kan de tru: eit fylgje på tretti
tusen mann, herklædde med glitrande våpen, og ein
fylking av musikantar som spela på harper og cithrar,
trummer og bjøller og cymblar; til musikken dansa og
leika folket. David sjølv dansa av all makt i ein
messehakel av lin. Det var fagnadrop og lurljod, so det
ljoma utyver heile landet der ikring. So ofra dei
brennoffer og takkoffer i fyregarden. Festmåltid fekk dei alle.
David velsigna folket, han tok kostnaden med alt i hop.

Det er ikkje utrulegt at den 24. Davids-salma byggjer
på det som hende den dagen. Ein svensk tonediktar
Gunnar Wennerberg hev laga tone til han: tonen tek
til med trompet-støytar og trumme-kvervlar; so kjem
ein herold, ein utropar, fram og syng: gjer portane
høge og dørene vide, so herlegdomskongen kan draga
inn! folket spør i munnen på kvarandre: kven er då
denne herlegdomskongen* og han svarar: det er Herren
sterk og veldig, det er Herren, Herren, alihers drott,
han er herlegdoms-kongen.

David sette hundradvis av songarar og spelemenner
til å syngja og spela ved gudstenestene. Instruktøren
heitte Asaf; han er kjend frå yverskriftene til sume
Davids-salmar. Det var tydelegt for alle at David
åtte skaldegåva. Borni og ungdomen lærde kvædi
hans og song dei jamt. Men David hev ikkje dikta
alle salmane i den boki som ber hans namn. Dei
er ikkje dikta på Davids tid heller. Mange er dikta
seinare, heilt ned i makkabear-tidi kanhenda. Det er
fem samlingar av salmar som til sist er hefte i hop.
Men David hev fenge namnet sitt fest til heile boki.
Plent liksom salmediktaren Landstad hev fenge nam-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free