- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
65

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

i si tru og i sine bøner, som alt saman peikar burt frå
Gud. Men du må ikkje tru det tek seg so fælt ut. Nei
det tykkjest vera so fint og uskyldigt. Fyrste gong eg
las det upp for folk, var det ein som sa: ja men slik lever
vi då alle i hop! Det 1. bodordet i «svartekatekisma»
heiter berre: sjå ut som dei andre i all di ferd! Ja er
det ikkje slik gutane og gjentene fer åt ? sjå ut som andre
vaksne ungdomar! Det ser helst ut som det er fire
ting ein vaksen gut må læra: drikka og banna og røyk ja
og sputta! det er karslegt! då er han vaksen!

Eg skal fortelja deg noko: alle som er levande kristne,
dei segjer meste alle det var i ungdomen dei gav seg
heilt til Gud. Liksom Josia. I ungdomen feil det
lettast. Seinare vert hugen hardare. Dei fleste levande
kristne gav seg yver til Gud fyrr dei var tjuge år.
Etter trettiårsalderen er det meste ingen som umvender
seg.

Jaa det jinst! Gud skje lov! Men det er reine
undan-tak.

Det er so ålvorsamt dette, at vi lyt ropa det ut:
Å tenk på Gud i ungdoms år!

Yi har mykje meir å fortelja um kong Josia. Då
han var tjuge år gamal, tok han til å reinsa burt
av-gudsdyrkingi i Jerusalem. Då var han myndig vorten.
Han trudde seg til å reformera folkelivet. Og det trongst.
Både far hans og bestefar hans hadde drive med
avgudsdyrking. Bestefaren var den fæle kong Manasse
som forfylgde og drap dei truande israelitane. Han
bygde avguds-altar i sjølvaste Herrens tempel! han
dyrka jamvel Molok, eit gudebilete av kopar som dei
gjorde glødande, og so ofra dei småborn som dei la i
armane hans.

6 — Anker: Bibelen for barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free