- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
87

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

gom kunde verta skulemeister!» segjer han med seg
sjølv; «det måtte vera gildt å vera skulemeister: gå
inne heile dagen turr og varm, ja sundagsklædd og
fin! det var berre ein leik mot å gå og vabba i moldi!»
Jamvel på skulen fekk han høyra at arbeidet var ei
straff for syndi.

Nei! nei! nei! det er ikkje sant! Det høyrer med til
Gudsbiletet at menneskja skal vera med og halda uppe
livet på jordi. Og ikkje noko arbeid er so guddomlegt
som jordarbeidet: der er du med Skaparen i hans
skapar-verk. Det er rekna ut at jordi her i Noreg skulde kunna
fø 4 millionar menneske når ho berre vart godt dyrkja.
Det lydest som eit under, ikkje sant? Men
bondeungdomen hev mange vender snutt ryggen til
bonde-arbeidet, hev fare til byen, eller til fabrikkane. Der
fær dei høgre dagløn og meir fritid, det er det som lokkar.
Dei håttar ikkje på at det er dyrare å leva der, og meir
helsedrepande arbeid. Og rett som det er, vert dei
uppsagde; so stend dei arbeidslause. Ja det er ei
forbanning det: å vera arbeidslaus! Og arbeidsløysa aukar
i eino: dei kjem i vane med å leva på forsorg eller på
fatigkassa eller på arbeidsløyse-trygd, eller kva det no
heiter. Eg hev høyrt frå ein fabrikkby det lever der
f leire hundrad gutar og gj enter som aldri hev arbeidt
ein einaste dag i mange år.

Ja det er ei ulukka, både for fedralandet vårt og for
ungdomen. Du kjem i hug når du hadde fenge gjort
skikkeleg frå deg eit vanskelegt arbeid, då kjende du
deg sæl, ikkje sant? anten det var eit vanskelegt
reknestykke eller det var eit snikkar-arbeid i sløgdskulen.
Det høyrer med til Guds skapargleda det. Den gleda
unner Gud oss alle.

Eg trur ikkje nokon kjenner seg lukkelegare enn
bonden um hausten. Visst hev han slite frå morgon

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free