- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
124

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

frå Daniels tid. Daniels-boki tek sogene um Daniel
og venene hans til fyredøme for jødane i
makkabear-tidi. So trugne som Daniel og dei 3 kameratane hans
var, so trugne må jødane vera mot Israels Gud. Og
soleis som Guds allmakt greidde å verja Daniel mot
alle fiendar, soleis skulde Gud nok verja sitt folk no og.

Daniels-boki hev ei rekkja syner som ho gjev ut i
Daniels namn; mange bilete i desse synene kjenner vi
att i Johannes Openberring.

I 7. kapitlet ser vi «ein som liktest ein menneslceson
kom med himmelskyene»; han gjekk burt til den gamle
(«den gamle av dage», syng Grundtvig um);
menneske-sonen fekk velde og æra og rike, og alle folk og ætter og
tungemål skulde tena han; hans velde skal aldri verta
frå honom teke, og riket hans skal aldri rikkast. Du
skynar det var Messias dette. Dei drøymde um Messias,
og venta han snart: um 1290 dagar, stend det, det vil
segja 31/2 år: ei tid og tvo tider og ei halv tid, stend det,
rekna frå syrarkongen forbaud «det daglege offer» til
Herren og sette upp i templet «den øydande
stygge-domen», Zevs-biletet. Ja dei venta og venta og vona å
få sjå Messias koma og gjera ende på alt det vonde.

I Daniels-boki kjem trui på Guds englar meir fram.
Det ser ut som det er i tidi etter heimkoma frå Babylon
jødane hev fenge meir syn for desse usynlege hjelparane
Gud sender oss. Engelen Gabriel vert nemnd tvo
vender i Daniels-boki, den himmelske evangelisten som
kjem med fagnadbod frå Gud. Tvo vender vert og nemnd
verje-engelen Mikael, som er hovding for ljosfylkingen
i strid mot myrkheims makter. Det er han som
«Draum-kvædet» vårt kallar «sante såle-Mikjel», den heilage
føraren for sjelene i striden mot «Grutte Gråskjegge».

I 12. kapitel i Danielsboki stend det at «mange av
dei som sov i moldi skal vakna upp» or gravene til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free