- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
126

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12.

Preikaren.

Syng nr. 302, vers 1.

Millom bøkene i det gamle testamentet har vi ei
som heiter Preikaren; ho er vel ei av dei yngste bøkene
i gamle-testamentet; og likevel er ho so gamal so gamal;
det finst ikkje anna enn gamalmanns-tale i henne.

Ordi er lagde i munnen på kong Salomo; meiningi
er: kva vilde den vise Salomo ha sagt til vår tid? So
kjem det: eg var konge, eg bygde meg hus, eg planta
meg vinhagar, eg kjøpte trælår, buskap fekk eg i mengd,
eg samla meg sylv og gull, eg fekk meg songarar og
songmøyar; alt det augo mine ynskte seg, let eg dei få;
eg nekta meg ingi gleda; men då eg skoda på det, då
synte det seg at alt i hop var fåfengd. Eg vilde skyna
meg på visdom; men det er fåfengt det og, og jag etter
vind.

Tykjer du dette er svart og vonlaust? Ja det tykkjer
eg og. Heilt frå barndomen og ungdomen hev eg høyrt
gamle folk snakka slik: dei hadde mist alt livsmod,
dei hadde mist all von, livet vart meiningslaust. Og
det er fælt.

Biskop Hognestad hev skrive ei bok um Preikaren;
der spør han: kva vil Preikaren? vil han berre taka
modet og voni og gleda frå ungdomen? det ser so ut!
Nei, segjer Hognestad, han vil hjelpa ungdomen til å
byggja livs-lukka på trygg grunn. Du veit Jesus segjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free