- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
31

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31

7. klassen var i medeltal 138 cm. lange og vog 33 kg.

6. - - 137,1 * - - 31,3 *

5. - - 135,2 * - - 30,3 *

4. - - 131,2 * - - 28,6 *

I Breslau vart det eit år røkt etter korleis det var
med høgd og vekt på dei 14*åringar som gjekk i millom*
skulen, folkeskulen og hjelpeskulen. Dei fann då at dei
14*åringar som gjekk

i millomskulen var i medeltal 152 cm. høge og vog 41 kg.
i folkeskulen - 147 * — 39 -

i hjelpeskulen — 144 * — 34 *

Det er tvillaust sanning det ein tysk skulelækjar har
sagt, at når den åndelege arbeidskraft hjå ein elev slær
feil, so er det sers ofte at det er den kroppslege kraft som
ikkje rekk til. Ein kann og sjå det, at fåmingar er det
umlag alltid noko i vegen med kroppsleg og. Og dei som
kjem til uppfostringsheimar for vanrøkta born, er og sjeldan
velvaksne og sterke. — No er det visseleg undantak og.
Ikkje alle attsitjarar på skulane, eller alle som vert sende
til uppfostringsheimar, har grunn til å klaga på kropps*
voksteren og på helsa. Det er latskap og unatur og hjå
sume som er både friske og sterke diverre. Det er dei
som det ikkje vantar anten på ånds* eller kroppskraft.
Det er berre viljen til å bruka kreftene det skortar på.
Men slike menneske er vist ikkje so mange som ein gjerne
trur. I alle fall må ein uppsedar vara seg vel når han
får å gjera med slike som ikkje lærer noko. Det er visse*
leg lett å gjera urett mot dei og gjera dei ansvarlege for
det dei ikkje kann hjelpa for.

Den store mengd av born høyrer ikkje anten til dei
overlag store og sterke eller til dei serleg små og veike.
Dei er medels både i lengd og vekt. Og her finn ein og
størsteparten av dei som har medels åndsgivnader. Det
er sjeldnare å finna undantak mill om dei, anten til den
eine eller andre kanten, ser det ut til.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free