- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
146

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13. Etteraping og suggestion

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146

Denne etteraping eller herming byrjar ovleg tidleg.
Det har vore lagt merke til at 2 månader gamle born kann
freista herma den ljod dei høyrer. Segjer mora fint og
stillt »å*å« til barnet sitt, so tek barnet til å freista med
same slag ljod. Smiler mora til barnet, so smiler det att
likeins. Denne etterlikningssmilen kann ein tydeleg skilja
frå dei drag kring munnen som kjem av refleksrørsler. Eit
7—8 månader gamalt barn kann taka etter dei vaksne i å
»gøyma« seg attum den som held barnet, og so sjå fram att.
Det leikar med dei vaksne. Lav fortel at ein 11 månader
gamal gut pussa nasen sin når han såg ein vaksen pussa
sin nase; 12 månader gamal hermde han etter katten som
lepja mjølk. — Knyter ein hendene og held dei upp for
eit barn som ligg i vogga, gong på gong, so gjer det snart
det same med sine hender. Eit tvo år gamalt barn vil ha
sitt blad og lesa i det som papa når han les avisa si. Det
tek hatten og stokken til far og vil gå med. Ser det no*
kon skriva med blyant eller blåsa ut eit ljos eller kveikja
pipa, so vil det gjera det same. Ja det kann reint verta
so uppsett på å gjera det dei vaksne gjer, at det likar seg
ille um det mislukkast. Segjer ein ein ljod eller eit
ord åt barnet og bed det segja uppatt det det høyrde,
og det so ikkje greier det, so vil det kanskje ikkje freista
oftare.

Born leikar og med å mjaua som kattar og gala som
hanar. Det kann ein høyra av årsgamle born. Når dei
vert eldre, kann dei gå på fire og syna tenner som hun*
dane og stangast som uksane. Det er ei stor moro for
borna å taka etter dyra soleis i sume ting, kann me sjå.

Born kann stundom verta reint som uppsette på å gjera
uppatt og uppatt noko dei nett har set for seg. Dreg
mor ut ei skuffe og so skuvar ho innatt um litegrand, so
går gjerne vesleguten burt og gjer nett det same med
skuffa. Men han let det ikkje vera berre med ein gong.
Nei uppatt og uppatt larmar han. Preyer fortel at den
eine guten hans lyfte ein gong upp loket på ei kanne og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free