- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
162

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14. Kjenslelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

162

vekkjer sorg hjå barnet dei fyrste åra, dersom det berre
er friskt sjølv. Ein 3—4*åring kann med strålande augo
fortelja at mor ligg sjuk ein dag. Det gjer aldri ein 8—10*
åring.

Det har vore gjort ymse vitskaplege etterrøknader med
det formål å koma etter korleis det er. med medkjen*
slene hjå born i dei ymse årsaldrar. Eg kann ikkje her
tala um korleis dei har bore seg åt for å finna ut noko
um det. Men dei svar dei har kome til — og det på
ymse vegar — er i sume ting so uventa for mange, tenkjer
eg, at eg må nemna litegrand um det.

Det har vore røkt etter um barnet har meir eller
mindre lag til å få medkjensler etter kvart det vert eldre,
eller korleis det er i so måte. Til å visa det svar som
ein vitskapsmann har funne på det spursmålet, tek eg
inn ei liste frå Meumanns store verk um barnet.

År 1 2 3 4 5 6 7 8 a 10 11 12
Kor mange tilfelle 3 66 95 94 93 60 41 28 37 25 19 10

Som me ser, tyder denne lista på, at det er frå det
2. til det 6. året at medkjensla har størst plass i barnet
sitt sjeleliv. So går det i det store og heile sterkt ned*
over til 12*årsalderen. (Um nokon har freista finna ein
statistikk for dei seinare år, kjenner eg ikkje til). — Det
ser ut til at det er dei sjølvslege kjensler som får over*
taket meir og meir dei fyrste åra barnet går på skulen.
Mange ting som eg ikkje kann tala um her, tyder på det.
— No er det med denne statistikken som med mest alle
som gjeld åndstilstand hjå mennesket — han bør ikkje
verta halden for meir enn eit lite påliteleg barometer i
alle fall. Og mange vil truleg segja at han ser so urime*
leg ut, at han er ikkje å leggja merke til det minste.
Men lat oss ikkje vera for snare til å avdøma eit samvits*
fullt granskararbeid heller. Um svara i det einskilde kann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free