- Project Runeberg -  Bondestudentar /
5

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

__5

lata det rigna litt Manna, ja gjerna Velling og andre
gode Ting med? — For aa arbeida var daa berre
ei Plaga.

Vaarvinna var endeleg slutt, og so skulde det
vera Skule ei 3—4 Vikur, millom den og Slaatten.
Ole Johannes likad ikkje denne Skuleturen midt paa
Fyresumaren, for just daa hadde dei Bruk for
Smaa-gutarne til aa gjæta. Og det var ikkje fritt han
slog paa, at i Aar var det best Daniel var heime av
Skulen. Men daa vart Daniel reint utav det.
Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa
arbeida; der fekk han leika seg i Sundagsklæde
saman med mange Kammeratar; og inne i Skulen
greidde han seg so vidt godt, at han kunde lika seg
der med. Han maatte paa Skulen! So gjekk han
til Mor si og sutrad og bad for seg, og gamle Maren
maatte daa som vanlegt vaaga Trøya for Guten sin.
Og ho fekk fram det ho vilde; for ho visste, kva
Kant ho skulde taka Gamlen fraa. »Du ser det er
Hovud paa Guten«, sagde ho; »og Hug til Boki hev
han og; kven veit, kva det kann verta av han,
dersom han fær Lærdom« ? — »Aa, han fær væl halda
seg til den Stand og Stilling, som Vaarherre hev sett
han i«, svarad Ole Johannes tvert. — »Aa ja; men me
hev no set so mangt av det Slaget«, svarad Maren.
»Sjaa no berre som Son hans Jo Kleppe, som vart
Prest! — Ja, me ska no ikkje tenkja so høgt;, mgn.
det er daa ingen, som veit nokot.« — »Aa dit
smak-kar som du hev "Vit til«, meinte Ole Johannes. »Men,
naar Guten plent vil paa Skulen, — so fær han væl

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free