- Project Runeberg -  Bondestudentar /
12

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12

han skulde tala med ein av deira Kontorgutar! Det
var Karar, som hadde Magt. Og slik som dei talad.
Det var som aa høyra Guds Ord sjølv. Det var ikkje
dette tunge, seine Maalet, som Bønderne gjekk og
brækad i, og som dei skjemdest yver sjølve, so dei
knotad, naar dei skulde tala med betre Folk; nei, det
var eit Englemaal, eit Høgtidsinaal, som Ein kunde
kjenna seg reint uppbygd av aa høyra. — Og so
var dei so lærde og kloke. Naar dei talad til
ein, so galdt det berre um at vera gløgg til aa
for-staa, og snøgg til aa samtykkja. Dei likad det,
desse store, naar Folk forstod dei strakst, og sagde
ja med det same; for so slapp dei aa segja det uppatt.
Og um ein kanskje hadde ei onnor Meining, so maatte
ein aldri vera so styven, at ein kom fram med den,
so dei høyrde det; nei, mot Kongens Tenarar galdt
det aa fara fint fram; for dei bar nok ikkje Sverdet
forgjæves, som der stod i Katekisma. Det var. nokot
med det fyrste, ein klok Mann lærde Son sin, det,
at han aldri maatte motsegja ein Storkar. — Og enn
slik som det var aa koma inn til desse Folk! Daniel
hadde voret med Far sin inn paa Prestegarden eitpar
Gonger, so han visste det. Der var so reint og fint,
at ein maatte tru dei vaskad Golvet kvar Dag; og
Stolar og Bord var gjorde av Tre, som blenkte, og
der var Blomar i Vindaugo, fagre som i Paradis, og
Gardin so lette og kvite som Kveldskyer paa
Himmelen, og paa Veggen var der Bilæte, som var so
reint ulike den* Jomfru Maria og den Keisar Nikolaus,
som dei hadde heime, at der var ikkje Liknament;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free