- Project Runeberg -  Bondestudentar /
20

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

paa den Maaten, dei tok det, desse fine; dei brydde
seg væl ikkje um aa træla med Leksur og slikt, dei.

Men daa Kapellanen ein Dag fortalde han, at
den Maaten, dei her brukad, i k kj e var den
vanlege Latinskulemaaten, vart Daniel litt uroleg. Han
stirde med store Augo paa denne Mannen, som vaagad
aa bruka sin eigen Skikk og trudde seg sjølv klokare
enn baade Bispar og Provstar. I Grunnen vilde
Daniel helst havt det som ein vanleg
Latinskule-gut. Og han vilde kjennt seg mykje tryggare, um
han hadde visst, at dei gjekk fram paa den vanlege,
fyreskrivne Maaten. Men det gjekk ikkje an aa segja
slikt til Kapellanen. Han slog seg til Ro og saag
paa Læraren sin med Augo, som sagde: »Du veit
det best; gjer med meg som du synest.«

Det var Soga, Kapellanen i dei fyrste Timarne
dreiv paa med. Daniel hadde kvar Gong den ty^ké
Grammatikken med seg, og lagde den paa Bordet
framfyre seg som ei tagall Bøn; for so lengje han
ikkje kunde Tysk, var han ikkje klokare enn andre
Bønder, totte han. Men Kapellanen leet Tysken
liggja.

Dess meir fortalde han um vaare gamle Fedrar.
Og serleg lagde han ut um dei gamle Nordmenns Tru.
Fram steig dei for Daniel i lang, lysande Rad, desse
høge »Aser«, som han aldri fyrr hadde visst var til;
Gud etter Gud kom dei straalande, fyrst tri i Talet,
sidan tolv, og »Aasynjerne« med, store og fagre, med
lysande Haar, med Gulltaarer, med Aasyn ljose som
Dag-Randi, med Augo so klaare som dei bleike Stjer’

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free