- Project Runeberg -  Bondestudentar /
24

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

likad Daniel seg alrabest. Her vart det so mykje
Aand, at heile Verdi tok til aa verta livande. Fjelli
stod og tenkte, Skogen fortalde Eventyr, Havet
suk-kad i lange Dynjingar og song um uendelege Ting;
langt uppe i Liderne gjekk Huldri og leet paa Lur,
Tussefolket heldt Dans i Haugar og Hamrar, under
Fossen sat Grimen og spelad, so alting greet, og ute
paa det bleike, maaneljose Havet laag Havfrua den
fagre og lokkad og song, so Sjøgutarne fekk
Hjarte-ilt av Elskhug. Det maatte vera underlegt aa vera
Skald, so ein kunde faa høyra all denne Musikken!

Gjenom Undervisningi i desse tvo Fag fekk
Daniel etterkvart inn heile Kapellanens draumrike
Livsvisdom og all hans djupe Eldhug.

Det stod ikkje godt til i Landet i desse Tider,
sagde Kapellanen. Folket sov; Folket laag i Dvale;
der var kastad Trollham paa det; det var komet ned
i nokot vondt og fælt, som Kapellanen kallad
Materialisme. Det visste ikkje, kva Aand var. Og so lengje
det laag slik, so kunde ingen Pint se-Vind blaasa Liv
i dei daude Bein utyver Landet.

Synkvervt og ørt gjekk Folket’ og grov i Moldi
og tenkte berre paa den stakkars Maten. Det hadde
ikkje ein Draum um, kva sannt Menneskeliv var.
Inkje høgare Hugmaal, inkje Sans elder Syn for det
som var stort og høgt og ædelt paa Jordi, berre
denne pvige Trælesut for det, som gav i Gryta og
fyllte i Pungen, berre denne kuande Tanken paa laag,
ussel Vinning. Ingenting hadde Verd, utan det, som
gav Smør; ingenting var verdt aa arbeida fyre, utan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free