- Project Runeberg -  Bondestudentar /
79

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79

Haugum!« ropad heile Flokken i Kor; men Olsen den
fyrste hadde fengje Daniel med seg frampaa Golvet
att og ropad no utyver Klassen med sin utrulege
Bass: »Mine Herrar! Her stend eg fram paa dette
Skravle-Ting og krev, at De ein som alle og alle som
ein hyller og godkjenner Olsen den andre av
Dynastiet Grisenburg som min lovlege og ulovlege
Ettermann i alle Maatar, og det skal De gjera av fri og
god Vilje, elder so skal De dingla kvar etter sin
liundske Hals—.« Lenger kom han ikkje; for Hans
Haugum, som saag litt trøytt ut, brydde seg ikkje
større um dette, men tok fat paa Daniel og spurde,
um han ikkje hadde nokot Gardsnamn, som han
kunde bruka istadenfor dette Olsen; for det var i
Grunnen ikkje nokot Namn. »Maa jæ be!« skreik
Olsen den fyrste, men vart ikkje høyrd. Daniel kjende
seg vyrd ved, at Hans Haugum tok seg av lian, men
sagde, at Gardsnamnet hans nok ikkje var brukande.
»Kva heiter Garden?« spurde Haugum. Daniel
raudnad litt; »aa —,« sagde han. »Han heiter væl
ikkje Tamperud, som der eg er ifraa?« spurde Olsen
den fyrste; Markus Olivarius Markussen lo i høgan
Sky. »Nei«, smilte Daniel lettad; — men tenkje
seg, at denne Austlendingen vilde fortelja slikt! —
»Naa, lat oss høyra«, ropad Haugum litt kvasst; han
kunde ikkje forstaa seg paa denne seige Vestlendingen,
som var rædd for aa segja, kor han var ifraa. »Jau«r
svarad Daniel modigt, »Garden heiter Sørbr—brød«.
»Sørbrød, det var rart«, sagde Haugum. »Segjer
dei Sørbrød, Folk der burte ?« — »N—ei«, svarad

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free