- Project Runeberg -  Bondestudentar /
97

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - IV.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

[--Ilsom-]{+-Il-
som+} baade fyrr og sidan hadde sleppt seg so reint
yver. Endaa verre var det med denne stakkars Olai
Juberg. Det var ein av dei rette, det. Han saag
so roleg og skikkeleg ut, at ein skulde tru, det var
ein rein Mors-Unge; men i lognaste Vatnet var verste
Grunntrolli. Det var med honom som med so mange
andre, som kom reint ferske fraa Bondebygdi og fraa
eit innestengt Liv; dei gjekk og brann av løynlege
Lyster under sekkte Augo, kom so her inn og drakk
av alle Kristiania Rennesteinar, til dess dei ein
god Dag laag der. No gjekk Olai Juberg ikring
med snaud Skolt og avblømt Andlit og glodde og
glodde gjenom sine breide Brillur som eit Lik
gje-nom ein Kjeldarglugg; det var so det var vondt aa
sjaa han.

Daniel vart rædd av aa høyra slikt. Han sende
ein løynleg Sukk upptil Vaarherre um, at det ikkje
maatte gaa slik med honom.

Den, som Daniel likad best i heile Klassen, var
Hans Haugum. Denne Haugum hadde voret
Skulemeistar i fleire Aar; han var inne i alt, som høyrde
med til den »folkeleg-liberale Vekkelsen« og vart her
i Klassen Førar for denne Flokken. Av Kjenningar
hadde Haugum tvo, som fylgde han stødt, Johannes
Ortvedt og Aslak Fjordan; den fyrste likad Daniel
godt med det same, men vart snart leid av hans
tome Higring og evige Jabb; den andre, Aslak
Fjordan, var ein faamælt og tung Kar, men snild og
vitug, so ein likad han betre, di meir ein lærde han
aa kjenna; aa sjaa til var han høg og slengjeleg,

Garborg: Bondestudentar. 7

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free