- Project Runeberg -  Bondestudentar /
146

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146_

no, og um Notti, naar Daniel laag og ikkje fekk
sova, fordi Hovudet verkte so vondt, og Flugurne
surrad, og alle dei grammatikalske Reglarne dansad i
Hausen ogbankad og hamrad som »Timbremenn« etter
ein Rus, — daa kunde det lienda, at Guten flaug upp
i skjelvande Rædsla og trudde han skulde verta galen.

— Og han, som hadde voret so glad paa
Russe-dagen, og trutt, at det verste var yver daa! — Han
hadde ikkje visst, kva som fyrestod. Og han hadde
ikkje visst, at Russelaget var ein Fest for den sanne
Russen, men ikkje for slike, som braut seg inn i det
akademiske Riket Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk,
og som hadde sovet seg fram gjenom ein paaliteleg
offentleg Latinskule, slapp igjenom det munntlege
nokonlunde lett; for baade maatte ein gaa ut ifraa,
at slike Gutar visste litt, og dessutan var det i
Grunnen det skriftlege, det kom an paa i dette Landet.
Men Fabrikk-Russen hadde Universitetet ein naturleg
Mistanke til. Det var Folk* med ukjende Namn,
Folk, som tidt saag svært lite akademiske ut, og som
dessutan kom stormande inn i dei heilage Hallar som
Tjuvar og Røvarar gjenom ein galen Port, — og
slike Karar maatte ein sjaa paa Tennerne. Der var
all Grunn til aa tru, at dei foor med Fusk og vilde
snyta seg inn i Visdomsriket; og der vart tilmed
skrivet mot dei i »Den gode Borger«. Dei var, som
ein i seinare Tid vilde ha sagt, akademiske Myrmenn.
Dei var Kamelar, som skulde gaa gjenom eit
Naale-auga; og mange strauk, anten fordi dei var Kamelar„

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0155.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free