- Project Runeberg -  Bondestudentar /
203

(1883) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VIII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

otte Sidur og otte Vinklar, og det dreiv han paa med
so lengje, til dess Professoren vart arg og sagde,
at han sjølv kunde vera ein Ottekant. —

No viste det seg ein ny Figur i Romet, ein
fullblods Røvar, med Armen i Bind, med Taterandlit,
med ugreidt Haar, uvaskad aa sjaa til, Skjerv um
Halsen istadenfor Krage, lusliten og lurveleg all
igjenom; han kom skjeglande etter Sida, som han
var rædd. Med eit uventande ljost, lett Mæle sagde
han: »Aa Gu’ velsigne Dere, gje mej litt 01, jæ er
saa tørst!« »Jagu er Mjøltraavaren ute!« ropad
Koret. »Kor kjem De ifraa?« spurde Strand. »Han
sagde so Vaarherre til Fanden au eingonga, svarad
Mjøltraavaren, »og eg fær svara, som Fanden svarad:
eg kjem her og der ifraa; eg hev voret ute og set
meg um paa Jordi.« Mjøltraavaren fekk eit Glas og
sette seg. Og no hadde han ei Hikstori, sagde han,
som dei vilde gjeva Gull for, um dei kunde faa høyra
henne. x Gull hev me ikkje«, sagde Strand
høgtideleg; »men det, me hev, det gjev me deg: 01!« —
»Kor mykje?« — »Det snakkar ine um sidan.« —
»De kann snyta meg.« — »Det kann du og. Hikstoria
fyrst!« — »Pengarne fyrst!« — »So kann det vera
det same,.« — »Naa, fær eg 01 etterpaa daa?« —
»Ja visst.« — Mjøltraavaren stakk ut det Glaset,
han hadde og rette det fram tomt: »Og so fær eg
eit no til aa mykja Munnlæret med?« — Jens slog
i. »Takk! Skal *n fortæle, saa maa ’n smørre
Hals-livirvlerne saa aven og tel, skjønner Dere!« sagde han.

Og Mjøltraavaren fortalde. Han hadde som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:02 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestud/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free